Revidert nasjonalbudsjett
Store inntekter til fellesskapet frå petroleumsverksemda
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Energidepartementet
Regjeringa sitt anslag for statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i 2022 er i revidert nasjonalbudsjett anslått til 933 milliardar kroner. Det er om lag 646 milliardar kroner meir enn i fjor.
— Petroleumsverksemda gir store inntekter til velferdsstaten. Regjeringa vil vidareutvikle petroleumsindustrien ved å føre ein føreseieleg politikk som også framover kan bidra til arbeidsplassar og verdiskaping i heile landet, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Dei høge inntektene skuldast i hovudsak høgare olje- og gassprisar andre halvår 2021 og anslag for 2022. Delar av statens netto kontantstraum for eit år følgjer av selskapa sine terminbetalingar for oppsamla skattar siste halvår frå føregåande inntektsår.
Investeringane er venta å stige dei næraste åra
Investeringane i 2022 er venta å bli dei lågaste på fleire år. Dette skuldast blant anna at fleire store utbyggingsprosjekt har blitt gjort ferdige dei siste åra eller at dei nærmar seg slutten. Nivået på investeringar er venta å auke fram mot 2025. Investeringane i petroleumsverksemda vil utgjere om lag 17 prosent av dei samla realinvesteringane i Noreg i 2022.
— Dei mellombelse skatteendringane Stortinget vedtok i 2020 virkar etter planen, og me forventar viktige investeringsvedtak i løpet av året. Desse prosjekta vil gi oppdrag til leverandørindustrien og vil vere med på å sikre industriarbeidsplassar på fastlandet. Utbyggingsprosjekta vil også bidra til at Noreg framleis kan vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa, seier Aasland.
Total petroleumsproduksjon i 2022 blir anslått til om lag 240 millionar standardkubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar, eller i overkant av 4 millionar fat per dag. Dette er ein auke på rundt 4 prosent samanlikna med 2021.
Det blir anslått at gassproduksjonen vil auke frå 113 milliardar Sm3 i 2021 til om lag 122 milliardar Sm3 i 2022.