Felles framlegging av trussel- og risikovurderingar

Måndag 12. februar 2024 legg Etterretningstenesta (E-tenesta), Politiets tryggingsteneste (PST) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) fram sine opne trussel- og risikovurderingar.

Nett-tv Felles framlegging av trussel- og risikovurderingar

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl vil innleie. Deretter vil sjef i Etterretningstenesta, Nils Andreas Stensønes, sjef Politiets tryggingsteneste, Beate Gangås, og sjef Nasjonalt tryggingsorgan, Lars Christian Aamodt, presentere sine vurderingar rundt aktuelle sikkerheitsutfordringar.

I den årlege trusselvurderinga «FOKUS», gjer Etterretningstenesta sin analyse av status og venta utvikling innafor tematiske og geografiske område som tenesta vurderer som særleg relevant for norsk sikkerheit og nasjonale interesser.

PST si årlege trusselvurdering er ein analyse av venta utvikling innanfor PSTs ansvarsområde, irekna terror, spionasje og truslar mot myndigheitspersonar.

Den årlege risikovurderinga «Risiko» frå NSM skal gi norske verksemder betre føresetnad til å sjå eige tryggingsarbeid i ein større samanheng.

Rapportane frå tenestane vil vere tilgjengelege i papirutgave i Marmorhallen og på nett kl. 11:15 på www.forsvaret.no, www.pst.no og www.nsm.no.

Pressekonferansen strømmes direkte på regjeringen.no og på Facebook live.

Praktisk informasjon:

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Tid: Klokka 11:30. Møt opp seinest klokka 11:10. Hugs å ha med gyldig pressekort og ID.

Påmelding: Me ber journalistar registrere seg innan fredag 9. februar klokka 14:00 til jdinfo@jd.dep.no

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan sende inn spørsmål til jdinfo@jd.dep.no  med teksten «PK 12. februar» i emnefeltet. Spørsmåla må vere oss i hende innan klokka 11:00 same dag.  Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.

Statsrådane og sjefane for E-tjenesten, PST og NSM vil vere tilgjengelege for intervju etter presentasjonane.

Pressekontaktar:

For justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonssjef Trude Larstad, tlf. 936 67 742, (trude.larstad@jd.dep.no

For forsvarsministeren: Seniorrådgjevar Lars Gjemble, tlf. 909 73 891 (LGJ@fd.dep.no)

For PST: Kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken, tlf 23 30 50 00 (thu@pst.politiet.no)

For Etterretningstenesta: Kommunikasjonssjef Ann-Kristin Bjergene, tlf. 2309 4939 / 455 01 965 (kommunikasjon@etj.no

For NSM: Kommunikasjonsdirektør Hasse Lindmo, tlf. 992 08 262, (info@nsm.no)

Om sendinga: Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.