Ferie og kjæledyr

Som dyreeigar er det viktig å planlegge ferien slik at også dyret ditt har det godt.

– Det er mykje glede og trivsel å ha kjæledyr, men også eit stort ansvar. Dyra er avhengige av oss. Ikkje reis frå dyra utan at det er andre som tek seg av dei. Det er korkje akseptabelt eller lovleg å overlate dyr til seg sjølv. Tenk på dyra sitt beste, så ønskjer eg både menneske og kjæledyr ein fin sommarferie, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Du må ikkje forlate eit dyr utan at du har forsikra deg om det vil få godt tilsyn og stell medan du er borte. Dyret må få dekt sitt behov for både mat, vatn, mosjon og  frisk luft. Dersom du ikkje kan eller vil ta med dyret må du gjere avtale med andre som kan ha tilsyn, eller du kan tinge plass på eit dyrepensjonat.

Dyrevelferdslova slår fast at barn under 16 år ikkje kan ha et sjølvstendig ansvar for dyr. Det betyr at det er foreldra som har det overordna ansvaret for å sikre at dyret får den oppfølgjinga det har behov for.

Kjæledyr og sommarvarme

Om sommaren kan bli veldig varmt inne i bilar. Også i halvskugge og skugge kan temperaturen bli høg. Dette kan skape lidelse og i verste fall død. Teikn på alvorleg overoppheting kan vere kraftig pesing, at dyret er forvirra og står ustøtt, har tørre og røde slimhinner og kanskje besvimer. Dersom du ser eit dyr innesperra i ein varm bil, må du raskt prøve å få tak i eigaren. Dersom det ikkje let seg gjere, må du kontakte politiet. Nødhjelp kan vere  å fukte dyret med vatn som ikkje er for kaldt. Deretter bør dyret få tilsyn av veterinær som kan gi vidare behandling.

ID-merk kjæledyret ditt før du reiser på ferie

Det er ikkje krav om identitetsmerking av kjæledyr som er i Noreg, men både Mattilsynet og departementet tilrår merking før du reiser på ferie. Dersom dyret ved eit uhell kjem bort frå eigaren, er det mykje større sjanse for at dyr og eigar kan bli gjenforent dersom dyret er merka.

Sjølve merkinga får du gjort hjå veterinær. Både hundar og kattar blir som oftast merkt med ein elektronisk mikrochip under huden på dyret. Ved skanning gir denne ein sikker og rask identifikasjon av dyr og eigar. Avlesing av mikrochip kan bli gjort fleire stader, mellom anna hjå veterinær, på politi- og lensmannskontor og tollstasjonar. I tillegg har redningssentralar, viltnemnder og hundeklubbar gjerne eigne avlesarar.

Reise utanlands med hund eller katt

Dersom du skal ta med kjæledyret ditt til utlandet, må du sjekke innreisereglane som gjeld dit du skal reise. Dyret må ha pass utstedt av veterinær. For å få dette er det krav om at dyret er ID-merka med mikrochip. I dei fleste land er det også krav om vaksiner, ormekur og helsekontroll.

Det er ulike krav frå land til land. Kontakt derfor veterinærstyresmaktene i det landet du skal til, eller dyrlegen din her heime for å få råd før du dreg. Når du kjem attende til Noreg må du gå på raud sone i tollen. Du finn meir informasjon på Mattilsynet sine nettsider.