Finalistane til den nasjonale BU-prisen er klare

Gjennom hausten har alle regionskontora til Innovasjon Noreg delt ut ein bedriftsutviklingspris i landbruket for sin region. Alle regionvinnarane er med i konkurransen om den nasjonale prisen som vert delt ut på mat- og landbruksmessa Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2024. Tre finalistar kjempar no om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Kvalitetsmalt på norsk korn

Bodil Oust og Tyson Weaver har motbevisa myta om at produksjon av kvalitetsmalt på norsk korn er umogleg. Bodil overtok heimgarden Kjesbu Nedre i Skogn i Levanger for ti år sidan. Sidan den gong har ho gradvis satsa på foredling av eiget korn til malt.

Bodil Oust og Tyson Weaver, Bonsak AS
BU-prisen for Trøndelag går til Bonsak AS med Bodil Oust og Tyson Weaver. Foto: Zeiner Media/Innovasjon Norge

Frå korn til produkt

Hos Holli Mølle AS i Spydeberg foredlar dei økologisk, norsk korn frå heile 55 ulike kornprodusentar til nye, gode kornprodukt som stadig fleire kundar har fått sansen for. Med langsiktig og innovativ tilnærming nyttar dei gardens ressursar på ein lønnsam måte.

Holli Mølle
Ansatte i Holli Mølle viser fram prisen som blei delt ut av regiondirektør for Innovasjon Norge i Oslo og Viken, Kristin Willoch Haugen. Foto: Innovasjon Norge

Fellesskapet gjev styrkje

Dei seks gründerbedriftene som utgjer fellesskapet Åkerkvinnene ligg som perler på ei snor frå Helgeroa til Stavern. Dei har vist at nettverk og samarbeid kan gjere dei små enkeltbedriftene sterkare. Felles profilering har vore bra både for fellesskapet og for den enkelte verksemda.

Åkerkvinnene
Prisvinnarane samman med ordfører for Larvik kommune, Erik Bringedal, og Innovasjon Norges regiondirektør for Vestfold og Telemark, Anniken Fægri Damm-Larsen. Foto: Innovasjon Norge