Finalistane til utmerkingane for sunnare kosthald
Nyheit | Dato: 09.01.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre kunngjorde i dag dei seks finalistane til Helse- og omsorgsdepartementet sine utmerkingar for særleg god innsats i arbeidet for betre kosthald.
Utmerkingane for eit sunnare kosthald er ein honnør til aktørar som gjer ein særleg innsats for å gjere det enklare for forbrukarane å ta sunnare val. Det blir delt ut prisar i kategoriane: sunnare produkt og sunnare marknadsføring. Vinnarane blir kåra på UMAMI Arena på Lillestrøm 19. mars.
– Matvarebransjen har stor påverknad på kva vi legg i handlekorga. Å gjere kvardagsprodukta litt sunnare og legge til rette for at forbrukarane kan ta sunnare val, er ein viktig del av arbeidet med å få befolkninga til å ete meir i tråd med kostråda. Det har kome inn mange gode nominasjonar til utmerkingane i år, så eg ønsker å gi honnør til finalistane, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Sunnare produkt
Finalistane i kategorien sunnare produkt er (i alfabetisk rekkefølge):
- Fjordland med Bremykt mykere
- Norgesmøllene med Møllerens brødmikser
- UNIL med First Price hjerteformede fiskekaker
Grunngiving
I denne kategorien var det mange gode kandidatar som kan bidra til sunnare mattilbod.
Fjordland med Bremykt mykere legg til rette for eit kosthald med mindre metta feitt, mens Norgesmøllene har utvikla mjølblandingar som skal gjere det enklare å bake grovt brød heime.
First Price med Hjerteformede fiskekaker kan ein ete både varme og kalde, noko som legg til rette for at ein kan ete fisk ved fleire høve.
Sunnare marknadsføring
Finalistane i kategorien sunnare marknadsføring er (i alfabetisk rekkefølge):
- Coop med Alltid 8
- ISS med Våre grønne helter
- REMA 1000 med Idrettsprofiler på SoMe
Grunngiving
Dei tre finalistane har brukt kreative løysingar for å promotere sunnare kosthald.
Pris er avgjerande for kva forbrukarane puttar i handlekorga. Kampanjar som Alltid 8, kor ein alltid tilbyr eit utval på åtte frukt- eller grønnsaksprodukt til rabatterte prisar, bidrar til å auke forbruket av frukt og grønsaker.
Inspirasjon og informasjon om utvalde sunnare råvarar gir også vekst, noko konseptet Våre grønne helter er eit døme på.
Den tredje nominerte er REMA 1000, som gjennom sitt samarbeid med kjente idrettsprofilar- og forbund, bruk av digitale kanalar og utdeling av frukt og grønsaker på idrettsarrangement, når yngre kundegrupper med informasjon om viktigheita av eit kosthald rikt på frukt og grønsaker.
- Kristin Hollung frå Nofima, juryleder
- Lars Erling Olsen frå Handelshøyskolen BI
- Nanna Lien frå Universitetet i Oslo
- Annechen Bahr Bugge frå Oslo Met
Helsedirektoratet har sekretariatsfunksjon for utmerkingane, men sit ikkje i juryen.
Vinnarane blir kåra 19. mars av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre på #MerAv-seminaret som blir arrangert på UMAMI Arena.