Finansministeren fremjar norsk grunnrentebeskatning i Financial Times

I innlegget «Tax lessons for governments from Henry George» i Financial Times diskuterer finansminister Trygve Slagsvold Vedum korleis Henry Georges idear om skattlegging av land og ressursar kan vere relevante for den globale skattedebatten.

Henry George meinte at økonomisk framgang fører til ekstraordinære inntekter for nokre på grunn av deira privilegerte tilgang til land eller andre fellesressursar, og at dette burde kome heile samfunnet til gode.

I Noreg har prinsippet om at ekstraordinær profitt frå naturressursar skal kome heile nasjonen til gode vore ein del av politikken sidan byrjinga av 1900-talet. Dette har blitt nytta på vasskraftproduksjon, og seinare på oljeproduksjon i Nordsjøen. Nyleg har regjeringa innført grunnrenteskatt på havbruk og vindkraft på land.

Finansministeren argumenterer for at internasjonalt skattesamarbeid er nøkkelen til å sikre at ekstraordinær profitt frå store multinasjonale selskap kjem statane til gode.

Noreg har vore invitert som gjesteland til G20 i Brasil 2024 og har nok ein gong blitt invitert som gjesteland i 2025 av årets vertsnasjon, Sør-Afrika. Internasjonalt skattesamarbeid var eit viktig tema i fjor, og ein grunnleggjande del av finansministerens deltaking. Temaet held fram med å vere viktig inn i deltakinga i år.

Innlegget i Financial Times er basert på eit foredrag finansministeren var invitert til å halde under Henry George Chair in Economics på St. Johns University, i New York i oktober i fjor.

Les meir: