Finansministeren held foredrag på Studentersamfunnet i Bergen
Pressemelding | Nr: 2/2025 | Dato: 23.01.2025 | Finansdepartementet
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum held foredrag for studenter, ansatte og andre interesserte på Studentersamfunnet i Bergen sitt opningsmøte for våren 2025.
Finansministeren held foredrag på Studentersamfunnet i Bergen
Sjå sendinga her
Foredraget skal mellom anna handle om korleis det står til med økonomien i Noreg, og korleis regjeringa sin økonomiske politikk møter dei store utfordringane framover.
Tid: Fredag 24. januar kl. 14.00
Sted: Universitetsaulaen, Muséplass 3, 5007 Bergen
Pressekontakt: Mark Berger, msb@fin.dep.no, 916 00 444
Om sendinga
Foredraget blir strøyma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og kan følgjast direkte på regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant.
DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende foredraget direkte. Kontaktperson for dette kan nåast på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.