Finanstilsynet skal vurdere ESAP i Noreg

Finansdepartementet har bedt Finanstilsynet vurdere korleis komande EØS-reglar om eit felleseuropeisk system for tilgjengeleggjering av selskapsinformasjon bør gjennomførast i Noreg.

I EU blei det i mai 2023 vedtatt å etablere eit felleseuropeisk system for tilgjengeleggjering av finansiell og ikkje-finansiell selskapsinformasjon (European Single Access Point, ESAP). ESAP er eit forenklingstiltak og inneber ikkje nye rapporteringsplikter for verksemder. Systemet skal gi ålmenta sentralisert digital tilgang til informasjon som allereie skal offentleggjerast etter over 30 EØS-direktiv og -forordningar, dei fleste på finansmarknadsområdet. Den europeiske tilsynsmyndigheita for verdipapirmarknadane (ESMA) skal setje ESAP i drift innan 10. juli 2027.

For direktiva og forordningane som er omfatta av ESAP, skal det være ei eller fleire innsamlingsmyndigheiter («collection bodies»). For nokre regelverk følgjer det av ESAP-regelverket at innsamlings­myndigheita er ei av dei europeiske tilsynsmyndigheitene, medan det for andre regelverk skal vere innsamlingsmyndigheiter på nasjonalt nivå. I nokre tilfelle følgjer det av ESAP-regelverket at den nasjonale finanstilsynsmyndigheita (som i Noreg er Finanstilsynet) skal vere nasjonal innsamlingsmyndigheit, medan det i andre tilfelle er opp til nasjonale myndigheiter å utpeike ei innsamlingsmyndigheit.

Finansdepartementet har bedt Finanstilsynet om å utarbeide utkast til lov- og forskriftsendringar som er naudsynte for å gjennomføre forventa EØS-reglar om ESAP i norsk rett. Finanstilsynet skal også vurdere kven som skal vere innsamlingsmyndigheit for ESAP for ulike finansmarknadsregelverk i Noreg der ESAP-regelverket overlèt det til nasjonale myndigheiter å utpeike desse.

Finanstilsynet skal sende utkast til reglar og høyringsnotat til Finansdepartementet innan 3. november 2025.

 

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.