Finland sin president på statsbesøk til Noreg

Etter invitasjon frå Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronningen kjem Finland sin president, Alexander Stubb og Suzanne Innes-Stubb, på statsbesøk til Noreg 15.–17. oktober 2024. Besøket markerer det nære og gode forholdet mellom Noreg og Finland.

Finland er ein viktig partnar og ein nær alliert. Noreg og Finland har tett samarbeid innan forsvar, næringsliv, kultur og ei rekkje andre område. Besøket understrekar viktigheita av samhald mellom demokrati i ei tid der Russland si krigføring i Europa utfordrar verdiane våre.

Statsbesøket blir innleidd med ein offisiell velkomstseremoni på slottsplassen tysdag 15. oktober, etterfølgt av kransenedlegging ved nasjonalmonumentet på Akershus festning og møte med Stortingspresident Masud Gharahkhani og Stortinget sin utanriks- og forsvarskomité. Dagen blir avslutta med gallamiddag på Det kongelege slottet.

Programmet onsdag 16. oktober startar med eit arrangement på BI, der tema er tryggleik og økonomi i eit nordisk perspektiv. Deretter blir det møte med statsminister Jonas Gahr Støre og felles pressekonferanse, etterfølgd av lunsj med regjeringa og eit næringslivsseminar i regi av NHO og den finske søsterorganisasjonen deira, EK. Om ettermiddagen inviterer presidentparet til mottaking på Nobels Fredssenter.

Torsdag 17. oktober følgjer Den Høgvørde Kronprins Haakon president Stubb og Suzanne Innes-Stubb til Bergen, der programmet er vigd maritime næringsinteresser, grøn omstilling og grøn teknologi. Presidenten vil òg besøkje marinebasen Haakonsvern, der tema mellom anna vil vere samarbeid om sikring av kritisk infrastruktur. Statsbesøket blir avslutta med lunsj på Fløyen med ordføraren i Bergen som vert.

Det kan kome endringar i programmet.

Frist for akkreditering er onsdag 9. oktober 2024

For akkreditering og praktisk informasjon blir beden pressa ta kontakt med UDs Enhet for offisielle besøk ved Lise Tønnesland Børresen, e-post lise.gertrud.tonnesland.borresen@mfa.no, mobil 94 83 09 10.