Fiskeri- og havministeren møter sjømatnæringa og maritim næring som følgje av situasjonen i Ukraina

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Mandag 7. mars inviterer fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran sjømatnæringa og maritim næring til gjensidig informasjonsutveksling om følgjene av Russlands invasjon av Ukraina for sjømatnæringa og maritim næring.

Møtet foregår på video og vil finne stad måndag 7. mars 11.00-12.00.

Agenda

Innleiing ved fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran 

Runde rundt bordet om:

  • Krigen i Ukraina - konsekvensar for handel/samarbeid med Ukraina.
  • Nye sanksjonar mot Russland og Hviterussland. Situasjonsbilete og konsekvensar for næringslivet, fiskerisamarbeidet med Russland, handel og anløp i hamner.Møtet er ikkje åpent for presse, men fiskeri- og havministeren er tilgjengeleg for pressa etter møtet.

Deltakarar:

Fiskarlaget
Fiskebåt
Fiskeridirektoratet
Havforskningsinstituttet
Kystrederiene
Kystverket
Mattilsynet
Norges rederiforbund
Norsk Industri
Norske Havner
Norsk-russisk handelskammer
Norsk-ukrainsk handelskammer
Råfisklaget
Sildelaget
Sjøfartsdirektoratet
Sjømat Norge
Sjømatbedriftene
Sjømatrådet
Surofi

Sjå også informasjonsside om Russlands angrep på Ukraina og handteringa i Noreg: Angrepet på Ukraina – spørsmål og svar - regjeringen.no (sida blir kontinuerleg oppdatert).