Presseinvitasjon:

Fiskeri- og havministeren på Nor-Shipping 6. - 7. juni

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran deltek på Nor-Shipping 2023 i Lillestrøm 6. - 7. juni. Grøn skipsfart, likestilling i maritim næring og viktigheita av samarbeid står høgt på agendaen under årets messe.

- Langs heile kysten vår finn vi maritime verksemder, frå store selskap som sender idéane sine ut i verda, til små lokale bedrifter som lagar skreddarsydde løysingar for området sitt. Nor-Shipping er ein viktig arena for alle desse, som her kan byggje partnarskap og starte nye samarbeid som skal ta oss inn i framtida, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Nor-Shipping finn stad mellom 6. og 9. juni i Lillestrøm og Oslo, og er ein av dei viktigaste møtestadene for den maritime næringa i verda.

Under følgjer statsråden sitt program:

Måndag 5. juni:
17:00 Opningsseremoni på Oslo Rådhus

Tysdag 6. juni:
10:20 - 12:20 Messeturnéen til Nor-Shipping

12:20-12:55 Utdeling av Ship of the Year 2023

13:05 - 13:25 Opning av Eksfin og Innovasjon Noregs stand

13:30 - 14:30 Møte med Maritimt Forum

14:30 - 14:40 Opning av Maritime Bergens stand

15:00 - 15:30 Lansering av brenselcellesystem Corvus

17:00 - 17:30 WISTA sin 35års jubileumsfest

Onsdag 7. juni:
09:30 - 09:55 Brazil@Nor-Shipping

10:00 Singapore@Nor-Shipping og MoU-signering

10:45 Gjeste internasjonale stands

18:00 Quality Flag Reception

Pressekontakt:

Kommunikasjonsrådgjevar Sandra Godtlibsen sandra.godtlibsen@nfd.dep.no, tlf: 482 46 740.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.