Presseinvitasjon:
Fiskeri- og havministeren til Berlevåg og Båtsfjord 13. desember
Pressemelding | Dato: 08.12.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran besøker Berlevåg og Båtsfjord tysdag 13. desember.
I Berlevåg skal statsråden ha eit ope møte med fiskarar og aktørar i fiskeindustrien. Han skal også på besøk i fiskebåt og fiskeindustri i indre hamn. Skjæran skal i tillegg ha møte med Berlevåg kommune, der tema er kommunen sine planar/rolle i samband med det grøne skiftet, fiskeri og hamna i kommunen.
I Båtsfjord skal fiskeri- og havministeren på besøk til AS Båtsfjordbruket, Liholmen Biogass og ha møte med Båtsfjord Handelsstands Fiskerigruppe.
Program Berlevåg
08.30 Ope møte for fiskarar/aktørar i fiskeindustrien på kafé Havblikk.
10.00 Ein runde i indre hamn. Besøk på fiskeindustri/fiskebåt
11.00 Møte med Berlevåg kommune. Tema er Berlevågs planar/rolle i samband med det grøne skiftet, fiskeri, hamn osv. (Kommunestyresalen)
12.30 Avreise til Båtsfjord.
Program Båtsfjord
14.00 Besøk på AS Båtsfjordbruket.
15.30 Besøk hos Liholmen Biogass.
18.00 Møte med Båtsfjord Handelsstands Fiskerigruppe på Lagunen.
Atterhald om endringer i programmet.