Presseinvitasjon:

Fiskeri- og havministeren til Lofoten og VM i skreifiske

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Bedrifts- og skulebesøk og VM i skreifiske står på agendaen når fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran besøker Vestvågøy og Vågan på fredag 25. og laurdag 26. mars.

Portrett av Bjørnar Skjæran
Til helga besøker fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran Lofoten og VM i Skreifiske. Bildet er tatt utanfor Tromsø. Foto: NFD

Se bilder fra besøket her

– Torsken har vore Noregs viktigaste fisk i hundrevis av år. Få stader har den betydd så mykje som i Lofoten. Eg ser fram til å møte dei hardtarbeidande folka som sørger for aktivitet, verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar langs kysten og på havet. I tillegg blir det kjekt å helse på framtidas matrosar og maskinistar på Vest-Lofoten vidaregåande skule, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Prøver fiskelykka

Laurdag opnar statsråden VM i Skreifiske. Den årlege festivalen er ein av dei største fiskekonkurranse i Noreg, og trekker om lag 6000 personar til Vågan denne helga.

– For meg er VM i skreifiske framfor alt ein hyllest til det fantastiske kvalitetsmerket skrei og den storslegne scena som utspeler seg på havet kvar vinter. Eg ser fram til å delta og prøve fiskelykka saman med fiskeridirektøren, seier fiskeri- og havministeren.

Laurdag venter nemleg ein tur på Lofothavet om bord på patruljebåten til Fiskeridirektoratet.

Fredag 25. mars

08.20 – 10.50 Statsråden besøker Ballstad Slip AS
Øyaveien 69, 8373 Ballstad

11.00 – 12.30 Statsråden besøker Insula/Lofotprodukt AS
Havet 45, 8370 Leknes

12.45 – 13.45 Statsråden besøker Vest-Lofoten vgs
Idrettsgata 64, 8370 Leknes

14.00 – 15.30 Statsråden besøker Nic. Haug
Ballstadlandet 100, 8373 Ballstad

17.00 – 17.15 Premieutdeling Lofotcupen
Thon Hotel Lofoten, Torget, 8300 Svolvær

18.00 – 19.00 Statsråden møter Råfisklaget og Lofotrådet
Fiskergata 22, 8300 Svolvær

Laurdag 26. mars

08.50 – 12.30 VM i skreifiske
Statsråden holder åpningstalen før utror. Deretter er det tur ut på Lofothavet om bord på patruljebåten til Fiskeridirektoratet.

 

Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på Emil.Bremnes@nfd.dep.no eller på 478 81 719