Presseinvitasjon:
Fiskeri- og havministeren til Tromsø og Honningsvåg
Pressemelding | Dato: 26.09.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Måndag 26. september deltar Bjørnar Skjæran på landsmøtet til Norsk Sjømannsforbund. Dagen etter opnar han Kystverket sin tradisjonsrike konferanse i Honningsvåg.
– Det er alltid ei glede å møte hardtarbeidande norske sjøfolk. For regjeringa er det eit viktig prinsipp at dei ikkje skal utkonkurrerast på heimebane av folk med dårlegare vilkår. Derfor sende vi eit historisk lovforslag på høyring i mai som skal sikre norske sjøfolk eit meir rettferdig arbeidsliv. Denne regjeringa satsar på havet, og eg ser fram til å høyre meir om korleis vi kan bidra til å styrke våre maritime næringar, fiskerihamner og kystsamfunn, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Måndag 26. september
14.00 – 19.00: Statsråden deltar på landsmøtet til Sjømannsforbundet. Statsråden taler kl 15.45. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og LO-leiar held òg innlegg.
Scandic Ishavshotel, Fredrik Langes gate 2, 9008 Tromsø
Tysdag 27. september
09.00 – 16.00: Statsråden deltar på Kyst- og hamnekonferansen. Statsråden taler kl 09.20.
Samfunnshuset, Turngata 2, 9750 Honningsvåg
Praktisk info:
Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på emil.bremnes@nfd.dep.no eller 478 81 719.