Presseinvitasjon:
Fiskeri- og havministeren til Tromsø
Pressemelding | Dato: 07.03.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Likestilling i fiskerinæringa, korleis vi kan tilarbeide meir fisk i Noreg, og besøk til avlsstasjonen for torsk står på agendaen når fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran besøker Tromsø tysdag 8. mars.
– Kvinnedagen er ein viktig dag for å markere motstand mot diskriminering, trakassering og ubalanse mellom kjønna. Kvinner utgjer framleis under 4 prosent av fiskerinæringa. For å styrke moglegheitene til kvinner i fiskerinæringa må det jobbast med haldningsskapande arbeid, både mot seksuell trakassering og kjønnsdiskriminerande åtferd. Om vi vil drive fiskerinæringa framover må vi rekruttere frå heile befolkninga. Derfor er det veldig viktig for meg å følge opp fiskeriorganisasjonane og deira arbeid mot trakassering i fiskerinæringa akkurat i dag, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Overrekking av rapport
Under besøket mottar statsråden rapporten «Grønn verdiskaping og økt bearbeiding i sjømatindustrien». Leiaren for utvalet, Kathrine Tveiterås, overrekker rapporten til statsråden.
– Regjeringa ønsker å legge til rette for økt tilarbeiding av sjømat i Noreg. Vi skaper fleire varige arbeidsplassar langs kysten om meir av fisken som blir fiska i Noreg òg blir tilarbeidd her. Dette er eit viktig arbeid for denne regjeringa, seier fiskeri- og havministeren, og legg til:
– God dialog og samarbeid mellom kunnskapsmiljø, sjømatbedrifter og styresmakter er heilt avgjerande om me skal lykkast. Eg har store ambisjonar for utviklinga til havnæringane våre, og ventar derfor spent på å ta imot rapporten og tilrådingane frå utvalet, seier Skjæran.
Program tysdag 08. mars
08.30 – 10.00: Digitalt møte med fiskeriorganisasjonane om likestilling
10.00 – 11.00: Fiskeri- og havministeren besøker Norges fiskerihøgskole
UiT – Norges arktiske universitet, Muninbakken 21, 9019 Tromsø
11.00 – 12.00: Fiskeri- og havministeren mottar rapport frå tilarbeidingsutvalet
UiT – Norges arktiske universitet, Muninbakken 21, 9019 Tromsø
12.00 – 14.00: Fiskeri- og havministeren besøker Nofima
Nofima, Muninbakken 9, 9019 Tromsø
14.30 – 15.30 Besøk til avlsstasjonen for torsk, Kraknes
Kontaktperson: Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på Emil.Bremnes@nfd.dep.no eller på 478 81 719