Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren på fiskeriturné til Vesterålen mandag 12. september
Pressemelding | Dato: 09.09.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran reiser til Myre i Vesterålen for å få fleire innspel til kvotemeldinga. Kontrakta mellom sjø og land står sentralt denne dagen.
Mandag 12. september reiser fiskeri- og havminister Bjørar Skjæran til Vesterålen for å møte fiskerinæringa og høyre om deira erfaringar og innspel. Fra før har fiskeriministeren vore på fiskeriturne på Husøy og i Ålesund.
– Det er eit mål for regjeringa å auke tilverking av sjømat i Norge, og samfunnskontrakta mellom hav og land skal styrkast. No dreg eg til Myre for å høyre meir om korleis dette kan fungere i praksis, seier statsråden.
– Fiskerinæringa er utruleg viktig for norsk økonomi, og for verdiskaping og arbeidsplassar langs heile kysten. Kvotemeldinga skal stake ut vegen for framtidas fiskerinæring, legg han til.
Program:
09:00-10:30 - Besøk hos Gunnar Klo As og fiskebåten «Olagutt»
10:30-11:15 - Besøk hos Primex Norway AS
11:15-12:00 - Besøk hos Vesterålen Marine Oljer AS
12:00-13:00 - Lunsj
13:00 til 15:00 - Innspelsmøte om kvotemeldinga på Rådhuset
Deltakarar er mellom anna: Kystfiskarlaget, Øksnes Fiskarlag og Fiskebåt Nord.
Kontakt:
Presse som vil dekke heile eller delar av reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på mob: 47881718 og epost emil.bremnes@nfd.dep.no