Statsbudsjett2025

Fjernar overpris på tenestene i Brønnøysundregistera

Regjeringa foreslår å redusere gebyrinntektskravet for Brønnøysundregistera. Forslaget gjer det mogleg med rett prising av dei gebyrbelagde tenestene i Lausøyreregisteret og følger opp regjeringa sitt punkt i Hurdalsplattforma om å kutte i overprisa gebyr.

– Dersom brukarane betaler meir i gebyr enn det det kostar å produsere dei aktuelle tenestene, inneber det ei skjult skattlegging. Vårt forslag om å fjerne overprising i Brønnøysundregistera bidreg til ein meir rettferdig skatte- og avgiftspolitikk, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Hovuddelen av tenestene frå Brønnøysundregistera er finansierte av brukarane gjennom gebyr. Brønnøysundregistera har over tid hatt eit høgare krav til kva dei samla må hente inn av gebyr enn det kostar å produsere dei aktuelle tenestene. Dette er i strid med føresegnene om statleg brukarfinansiering.

Brukarene skal ikkje betale meir enn det kostar

Når regjeringa no foreslår å redusere gebyrinntektskravet, vil prisen på dei gebyrbelagde tenestene også i Lausøyreregisteret følge prinsippet om at gebyra ikkje skal overstige kostnaden ved å produsere og levere tenestene.

Lausøyreregisteret vart i 2023 overført til den nye registerplattforma i Brønnøysundregistra. Dette gir store vinstar i form av sikrare løysingar, hurtigare saksbehandling og betre opplevingar for brukarane. Samtidig kostar drift og forvalting av nye IT-løysingar meir enn dei gamle.  

Gebyrbelagte tenester i Brønnøysundregistera

Brukarane betaler gebyr for registreringar av:

  • pant og rettar i Lausøyreregisteret
  • ektepakter i Ektepaktregisteret
  • årsrekneskap i Rekneskapsregisteret
  • registreringsendringar i Einingsregisteret
  • næringsdrivande føretak i Føretaksregisteret

Det har over tid vore ein betydeleg overpris på tenestene i Brønnøysundregistra. Med implementering av ny gebyrstruktur frå og med 2024 vart det ei meir hensiktsmessig kostnadsfordeling mellom eksisterande register. Hovudendringa var innføring av gebyr for førstegangsregistrering i Einingsregisteret. Formålet er at gebyr for gebyrbelagde register skal dekke kostnaden til drift av det enkelte registeret, jf. rundskriv R-112 frå Finansdepartementet om føresegner om statleg gebyr- og avgiftsfinansiering. I 2024 er det berre overpris på gebyra i Lausøyreregisteret.