Fjerning av karakterkrav funka: Rekordmange sjukepleiarstudentar og oppgang på lærarutdanningane

I haust møtte 102 330 studentar opp til ulike studium ved universitet og høgskular. Dette er det høgaste talet på 15 år, om ein ser vekk frå pandemiåret 2020. Tala viser òg ein tydeleg effekt for dei institusjonane som fjerna karakterkrav for opptak til sjukepleiar- og lærarutdanning.

– Årets møttal viser at grepa vi tok for opptak til sjukepleiar- og lærarutdanningane både var naudsynte og har hatt stor effekt. Til saman fekk vi 1700 fleire motiverte sjukepleie- og lærarstudentar. Vi risikerte å få det lågaste talet på sjukepleiarstudentar på mange år. I staden får vi no fleire sjukepleiarstudentar enn nokon sinne, og vi har snudd nedgangen på grunnskulelærarutdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).  

Han legg til:

– Dette er motiverte studentar som Høgre vil stenge døra for. Vi veit at vi treng fleire sjukepleiarar og lærarar for å utvikle heile Noreg vidare. Derfor har vi tatt desse naudsynte grepa for å få fleire inn i utdanningane og ut i viktige jobbar som Noreg treng. Det vil gje oss betre velferd, læring og pasientsikkerheit i heile Noreg.

I dag kom tala som viser kor mange som i haust har starta på eit studieprogram ved universitet og høgskular over heile landet. Dette inkluderer både dei som er tekne opp gjennom Samordna opptak og dei som er tekne opp lokalt på universiteta og høgskulane.

– Talet på studentar som møter til studiestart har lege stabilt dei siste ti åra, trass i at stadig fleire har fått eit tilbod om studieplass. Unntaket var under pandemien. Saman med stabile og etter kvart fallande ungdomskull kan det tyde på at vi truleg ikkje kan vente ytterlegare vekst i talet på studentar ved ordinære grunnutdanningar framover, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

  • Rekordmange sjukepleiarstudentar:I haust møtte 5493 studentar på sjukepleiestudiet, det høgaste talet nokon sinne. 983 av desse blei tekne opp i lokale opptak, utan karakterkrav.
  • Auke i lærarutdanningane:Totalt møtte 3259 studentar til dei femårige lærarutdanningane. 716 av desse blei tekne opp i lokale opptak som ikkje hadde
  • Stabilt studenttal:Trass i stabile og etter kvart fallande ungdomskull, har talet på studentar som møter til studiestart halde seg stabilt dei siste ti åra.

Kjelde: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Nye krav ga nær 1000 fleire sjukepleiarstudentar

Frå neste år blir dei særskilte karakterkrava for å kome inn på sjukepleiarutdanninga fjerna, medan dei universiteta og høgskulane som ønsker det, kan søke om unntak frå karakterkrava i lærarutdanningane. For å fylle opp ledige studieplassar allereie i år, vart det opna for at dei studiestadane som ville det, kunne ta inn søkarar som ikkje oppfylte krava i lokale opptak. Det var det ei rekke utdanningar over heile landet som gjorde.

I år opna åtte institusjonar for lokale opptak utan karakterkrav til studieplassar på sjukepleiestudiet som stod ledige etter det ordinære opptaket. Til saman møtte 5493 studentar på sjukepleiestudiet hausten 2024. Det  er det høgaste talet så lenge DBH har hatt tal for dette. Minst 983 av desse vart tekne opp utan karakterkrav. Utan slike lokale opptak utan karakterkrav, ville talet på møtte studentar haustsemesteret 2024 ha vore det lågaste sidan 2010.

Snudde nedgangen for lærarutdanningane

Også for dei femårige lærarutdanningane blei det i haust opna for opptak utan karakterkrav til studieplassar som stod ledige etter det ordinære opptaket. 12 institusjonar fekk dispensasjon til å gjere dette, flest på grunnskulelærarutdanningane. Totalt møtte 3259 studentar, kor 716 blei tekne opp utan karakterkrav.

Grunnskulelærarutdanningane for 1.-7. trinn hadde størst effekt av dispensasjonsordninga: 363 studentar, eller 30 prosent, blei tekne opp lokalt, utan karakterkrav. Dette er fleire enn i fjor, men omtrent likt med 2022. Dette er ein auke på 18 prosent samanlikna med møttala for 2023. Om berre dei 836 studentane som var tekne opp gjennom det ordinære opptaket hadde møtt, ville det ha betydd ein kraftig nedgang frå i fjor, og det lågaste talet sidan 2017.

For grunnskulelærarutdanningane for 5.-10. trinn møtte totalt 951 studentar. 306 av desse, eller 32 prosent vart tekne opp utan karakterkrav. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med møttala for 2023,, men lågare enn alle andre år sidan 2017.

Til lektorutdanningane møtte 858 studentar, og av desse vart 23 tekne opp utan karakterkrav, noko som gjer dette til dei lågaste møttala sidan 2012. I tillegg møtte 251 studentar på lærarutdanning i praktisk-estetiske fag, der 24 fekk opptak utan karakterkrav.

Meir om møttala

  • Totalt møtte 102 330 studentar opp til ulike gradsstudium og årsstudium hausten 2024. Dette inkluderer både dei som er tekne opp gjennom Samordna opptak og dei som er tekne opp gjennom lokale opptak. Studentar som er tekne opp til forkurs, enkeltemne og andre korte kurs på mindre enn eitt år er ikkje rekna med her.
  • Talet på møtte studentar er litt lågare i 2024 enn i pandemiåret 2020, og om lag likt med 2021. Utanom dette har talet aldri vore høgare, så langt tilbake vi har data (2009).
  • 71 655 studentar takka ja til tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak. Av desse møtte 60 115, altså 84 prosent. Andelen som møter har vore jamt synkande frå 88 prosent i 2015.
  • Antalet registrerte planlagde studieplassar gjennom Samordna opptak var 63 830 hausten 2024. 14,5 prosent av dei planlagde studieplassane stod tomme, noko som er lågare enn i 2023 (17,1 prosent ).
  • Antalet aksepterte tilbod til gradsstudium og årskurs gjennom lokale opptak var 58 838, og totalt møtte 42 215 studentar. Ein lågare andel (72 prosent ) av dei som aksepterte tilbod om studieplass møtte opp, samanlikna med Samordna opptak.

Nivåkrav

Regjeringa foreslo i opptaksmeldinga å avvikle karakterkrava for sjukepleiarutdanninga, men å vidareføre dei på lærarutdanningane inntil vidare. Det blei mogleg å søke om dispensasjon frå karakterkrava på lærarutdanninga for institusjonar som kan vise til at dei har tiltak som varetek dei same omsyna som nivåkrava er meint å vareta. Stortinget vedtok begge delar før sommaren.

Slik har nivåkrava vore:

  • På sjukepleie har det vore krav om minst karakteren 3 i norsk og matematikk.
  • For å kome inn på ei femårig lærarutdanning må søkarar anten ha minst 35 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og 4 i matematikk, eller minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og matematikk.
  • For å fylle tomme studieplassar, fjerna åtte universitet og høgskular nivåkrava for å kome inn på sjukepleie allereie frå i år. Til saman 12 universitet og høgskular søkte om dispensasjon frå heile eller delar av karakter- og poengkrava for å kome inn på ei lærarutdanning.

Frå opptaket hausten 2025 blir nivåkrava fjerna på alle sjukepleiarutdanningane, medan dei lærarutdanningane som ikkje allereie har fått innvilga dispensasjon,  kan søke om det