Betre foreldrepermisjon

Fleire foreldre får meir tid med barna sine

Sidan regjeringa styrkte permisjonsordninga har mange hundre fleire foreldre valt lengre permisjon.

– Regjeringa har gjort foreldrepermisjonen rausare og mindre komplisert. Det er flott at dette er noko småbarnsforeldre set pris på og nyttar seg av, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Frå 1. juli 2024 har foreldre som vel 80 prosent foreldrepengar fått 11 dagar lengre permisjon. Det gjer at verdien blir tilsvarande lik 100 prosent lønnsdekning. Umiddelbart etter at lova tredde i kraft steg talet på foreldre som valde lengre permisjonstid frå 18 prosent til 28 prosent.

– Vi har fjerna ei permisjonsfelle som gjorde at mange, spesielt kvinner, tok ulønt permisjon, og mista viktige rettar som arbeidstakar, som pensjonsopptening og opparbeiding av ansiennitet. Endringa som forlengar foreldrepermisjonen kan òg bidra til å gjere det enklare for kvinner å amme i tråd med helsefaglege råd, seier Toppe.

I juli 2023 var det berre 14 prosent som valde 80 prosent permisjon. Dette svarer til ein auke på nesten 500 personar.

– Regjeringas mål er at folk skal få betre råd. Vi har gitt foreldre i permisjon betre råd, auka barnetrygda, sterkt redusert barnehageprisane, og gjort deltidsplass på SFO gratis opp til 3. klasse, seier Toppe.

Far og baby
Foto: Colourbox