Presseinvitasjon
Forsvarsministeren til Stavanger
Nyheit | Dato: 06.01.2023 | Forsvarsdepartementet
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) vil tysdag 10. januar besøke Sjøforsvaret på Madla for fyrste gong.
Han vil i forkant besøke NATOs Joint Warfare Center på Jåttå.
I Madlaleiren vil Gram blant anna få orientering frå HV-08 og høyre erfaringar frå bistanden til politiet i haust. Besøket vil ellers bære preg av innrykket til januarkontingenten med nye rekruttar.
Media inviterast til å treffe statsråden i tida 14:00-14:45.
Dette er planlagt å vere utandørs men under tak, og i tilknytning til aktivitetar rundt innrykket.
Pressekontakt:
Interesse meldast til KNM Harald Haarfagre ved kapteinløynant Linn Jahroux, e-post sjo.knm.hh@mil.no, eventuelt telefon 916 67 343, så snart som mogleg.
Send fullt navn, arbeidsgjevar, nasjonalitet, fødselsdato og eventuelt registreringsnummer på bil.
Oppmøte seniast klokka 13:45.
Pressekontakt for forsvarsministeren: Kristine Hellesland,
telefon 922 08 444