Folkeavrøystingar i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar er gjennomført
Pressemelding | Dato: 03.02.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Innbyggjarane i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar har no fått sagt si meining om samanslåinga. Eit fleirtal sa nei til deling, og det vil regjeringa lytte til.
– I saker om endring av kommunestruktur meiner regjeringa det er klokt å lytte til innbyggjarane, det er dei som skal bu og leve i kommunen. Regjeringa ønskte derfor å høyre på innbyggjarane i områda som utgjer tidlegare Søgne og Songdalen kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Fredag 2. februar klokka 21 blei dei lokale folkeavrøystingane i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar avslutta. Valdeltakinga blei 81,6 prosent i Søgne og 71,7 prosent i Songdalen.
– Eg er glad for at så mange har deltatt og sagt si meining. Det gir legitimitet til folkeavrøystinga. Kommunestruktur engasjerer folk, og den høge deltakelsen viser at det var rett å holde ei folkeavrøysting, seier Sande.
Resultat frå folkeavrøystingane
I Søgne viser resultatet at 45 prosent røysta for deling, mens 53,9 prosent røysta mot. I Songdalen røysta 41,5 prosent for deling, mens 57,2 prosent røysta mot. Delen blanke røyster er høvesvis 1,1 prosent og 1,3 prosent.
- Detaljerte resultat frå folkeavrøystingane er tilgjengeleg på valg.no/folkerøystinga.
– Regjeringa har sagt at vi vil lytte til innbyggjarane i Søgne og Songdalen i spørsmålet om å bli eigne kommunar igjen. No har vi fått vite innbyggjarane si meining, og regjeringa vil respektere resultatet av folkeavrøystinga seier Sande.
Bystyret i Kristiansand kommune skal innan 1. mars uttale seg om resultatet av folkeavrøystingane. Deretter skal Statsforvaltaren i Agder gjere ferdig sitt utgreiingsoppdrag ved å sende over ei tilråding til departementet innan 5. mars. Regjeringa vil ta endeleg stilling til saka og den vidare oppfølginga når statsforvaltaren har sendt si tilråding.
– Vi vil no gi bystyret i Kristiansand og statsforvaltaren moglegheit til å gi si tilråding. Etter det vil regjeringa ta stilling til korleis vi skal følgje opp saka. Men vi har sagt vi skal lytte til utfallet, og det står vi ved, seier Sande.
Om gjennomføringa av folkeavrøystingane
Dette er første gongen staten gjennomfører ei lokal folkeavrøysting. Det var mogleg å røyste elektronisk eller ved hjelp av brevrøyst.
– Den elektroniske løysinga Valdirektoratet har utvikla har fungert godt, og tilbakemeldingane frå veljarane tyder på at dei fleste opplevde dette som ein enkel måte å røyste på i ei slik folkeavrøysting, seier Sande.