Forbrukerkonferansen 2024

Barne- og familieministerens tale på Forbrukerkonferansen 2024. Tema for konferansen var "Ung - lett å lure?".

Hei alle saman,

 

Tusen takk for invitasjonen

Og takk til Forbrukarrådet som arrangerer denne konferansen. De gjer eit utruleg viktig arbeid for forbrukarane. De set viktige forbrukarsaker på dagsorden og kjem med gode innspel – og forventningar – til oss politikarar.

 

De i Forbrukarrådet passer på at dei næringsdrivande oppfører seg når forbrukarane står midt oppi dei viktigaste økonomiske avgjerda i livet.

 

De passer på dei små augneblinka, som er viktige i den store samanhengen. Som kva manipulerande teknikkar som kan brukast for å lure oss forbrukarar til å ta val vi ikkje eigentleg hadde tenkt – anten det er å gi frå oss personopplysningar, bruke litt meir pengar i eit spel, eller la vere å seie opp ein teneste.

 

Eg vil særleg trekke fram innsatsen de no gjer som medlem i utvalet som skal jobbe for betre rettar for dei som leige bustad. Vi må ha ein god leigemarknad for dei som ikkje eig sin eigen bustad. Dette gjeld jo særleg mange unge.

 

De har vald «UNG» som overskrifta for denne forbrukarkonferansen. Unge forbrukarar og dei utfordringane dei møter er noko som eg og regjeringa er veldig oppteken av.

 

Ung-rapporten som blir lansert i dag, viser også at unge forbrukarar er bekymra i dag. Dei er bekymra over økonomi, eigen kropp og livsstil. Berre 12 prosent ser lyst på framtida. Rapporten skal vi få høyre meir om i dag.  Men alt er ikkje negativt, det kjem og fram at unge er meir prisbevisste. Det er eit godt utgangspunkt skal ein ta vare på sine forbrukarrettigheiter.

 

Forbrukarpolitikk handlar om å ta vare på forbrukarane sine interesser og rettar i marknadene. Det er òg vår oppgåve å sørgje for at forbrukarane har den kunnskapen og informasjonen dei treng for å ta gode val når dei handlar.

 

Samstundes kan vi ikkje forvente at alle forbrukarar, og særleg ikkje alle unge forbrukarar, og absolutt ikkje alle barn, kjenner sine rettar eller nyttar informasjonen som er tilgjengeleg.

 

I ein kvardag kor kvar enkelt av oss heile tida må gjere forbruksval, er mengda med informasjon ofte uhandterleg. Vår felles oppgåve må derfor vere å sørgje for at dei som sel varer og tenester opptrer ryddig og skikkeleg.

 

Kort sagt skal vi som jobbar med forbrukarpolitikk jobbe for å ta vare på den einskilde i møte med kommersielle aktørar. Vi vil at forbrukarpolitikken skal vege opp for ubalansen mellom eksperten som sel ein vare eller teneste og forbrukaren som ikkje er ekspert. Eller barnet som ikkje kan forstå kva dei egentlig blir utsett for at kjøpspress, og skadeleg innhald, og som skal vernast mot det.

 

Det er mange dømer på marknader der ekspertane rår og forbrukarane er særleg utsette. Straum, finans og digitale tenester dømer på slike bransjar.

 

Vi opplever for tida høgare prisar på mange varer og tenester. Dette skaper utfordringar for mange og særleg for dei som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon frå før.

 

Regjeringa er oppteken av at forbrukarane i denne krevjande situasjonen framleis skal ha eit sterkt vern som gir dei grunnlag for tryggleik når dei handlar. Det burde vere sjølvsagt at opplysingane forbrukarane får om prisar og vilkår, er korrekte og forståelege.

 

Det ser vi dessverre at dei ikkje alltid er. Til dømes har vi dei siste åra hatt utfordringar med uklare og dårlege straumavtalar. Då har vi sett at saman med eit sterkt Forbrukartilsyn og eit sterkt Forbrukarråd kan vi gjere det betre for forbrukarane.

 

Digitale tenester kan gjere kvardagen til forbrukarane enklare, men byr på utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar som næringsdrivande får frå kundane.

 

For regjeringa er det viktig at forbrukarvernet blir utvikla slik at vi er trygge i møte med nye utfordringar. Vi må ta inn over oss korleis ny teknologi, og marknadsføringa som følgjer med den, påverkar oss. Barn og unge er særleg utsette på digitale flater.

 

Dette siste er eg veldig oppteken av. Barn og unge er sårbare forbrukarar som treng eit ekstra vern.

 

Alle barn har rett på ein trygg oppvekst, også digitalt. Barn og unge skal ha det bra på nett, og har rett på vern mot skadeleg innhald og ugreie opplevingar. Derfor jobbar regjeringa med fleire tiltak for å sikra barns rettar og livskvalitet i ein digital kvardag.

 

Det største arbeidet er ei stortingsmelding om trygg digital oppvekst. Meldinga skal byggje opp under ein aktiv, trygg og tilgjengeleg digital oppvekst for barn og unge. Den skal bidra til ein meir heilskapleg politikk på feltet. Regjeringa vil òg vurdere aldersgrensa for å bruke sosiale medium.

 

Eit viktig punkt i dette arbeidet er forbrukarvernet og personvernet til barn.

 

Vi veit frå fleire undersøkingar dei siste åra at det er eit stort reklamepress, og at mange barn og unge får marknadsføring for skadelege og upassande produkt.

 

Ungdom seier sjølv at det ikkje er greitt. Eit av krava frå ungdomsnettverket til Medietilsynet har vore eit styrkja digitalt forbrukarvern for barn.

 

Vi ser derfor no på nye reglar for å stramme inn og gi betre vern. Meir informasjon om dette kjem i haust.

 

Marknadsføringa barn og unge ser eller høyrer kjem ofte frå aktørar eller via plattformer som held til i utlandet. Derfor er det viktig å samarbeide med andre land om å stille krav til dei kommersielle aktørane. Regjeringa jobbar for at dei europeiske forbrukarvernreglane blir styrkt. Dette vil òg beskytte barn og unge i Noreg. Eg veit at Digitaliseringsministeren òg prioriterer arbeidet med regelverket om digitale tenester og plattformar (DSA) høgt.

 

Sjølv om eg framover vil sjå på innstrammingar i regelverket er det ikkje slik at app-ane, spela og dei sosiale media som barn og unge nyttar er lovtomme rom. Det er avgjerande med kraftfull og avskrekkande handheving av dei reglane vi har. Vi har mykje godt tilsynsarbeid i Noreg, men eg meiner det er behov for meir. Vi har nyleg gitt Forbrukartilsynet eit oppdrag om å leggje til rette for meir målretta samarbeid og felles planlegging mellom tilsyna på feltet.  Vi har også løfta behovet for tilsyn på russebransjen.

 

Det trengst altså tiltak på fleire frontar, og det er vi i gang med å følgje opp.

 

I det høvet vil eg takke Forbrukarrådet for det viktige arbeidet de gjer med å undersøkje og forklare kva utfordringar forbrukarane blir stilt overfor. Arbeidet til Forbrukarrådet har stor gjennomslagskraft både i Noreg og internasjonalt. Eit fersk eksempel er rapporten om virtuell valuta og manipulerande praksis i spel.

 

Eg vil ønske lykke til med konferansen.

 

Takk for meg.