Førebels makrellkvote på 130 000 tonn i 2025

Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsett ei mellombels kvote på makrell for 2025 på 130 000 tonn.

– I påvente av ei avklaring av fordelingsspørsmålet for makrell fastset vi ei mellombels kvote ved starten av året, slik at vi sikrar at den delen av flåten som startar fisket tidleg får høve til det. Den endelege kvota vil bli fastsett i god tid før hovudfisket startar, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Kvoter
Fordelinga av kvota mellom dei ulike fartøygruppene blir vidareført. Reguleringa av open gruppe og avsetning til landnotfiske held også fram.

Ringnot- og trålgruppa blir regulert med fartøykvotar på same måte som i fjor, og kvotefleksibiliteten på fartøynivå blir vidareført. Lukka kystgruppe blir regulert som éi gruppe også i 2025. Når den endelege norske totalkvota for 2025 er fastsett, vil Fiskeridirektoratet ha dialog med næringsorganisasjonane om overreguleringsgraden for maksimal­kvotetillegget.

Prøveordningar
Prøveordninga for bruk av snurrevad i fisket etter makrell blir avvikla. Hensikta med prøveordninga var å undersøke om det er forsvarleg å opne meir generelt for fiske med snurrevad med tanke på seleksjon.

– Etter fem år med prøvefiske kan ein framleis ikkje konkludere med at det er forsvarleg å opne opp meir generelt for eit slikt fiske, seier Næss.

Den mellombelse kvotesamarbeidsordninga for makrell blir vidareført inntil ei eventuell ny samfiskeordning er ferdig utgreidd.