Statsbudsjettet 2025

Førebygging av ekstremisme

– Vi har vore utsett for tre terrorangrep i Noreg dei seinare åra, med alvorlege, langsiktige konsekvensar for enkeltmenneske og samfunnet vårt. Vi vil gjera alt for å forhindra at dette skjer igjen, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Regjeringa føreslår 15 millionar til å førebygge ekstremisme, blant anna ved å auke tilskotet til ordninga «Tilskudd til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringer» med to millionar kroner og tilskotet til «Stopp Hatprat» med ein million kroner.

Resten av potten skal gå til å følgje opp regjeringas arbeid mot ekstremisme. Regjeringa skal leggja fram ei melding til Stortinget om førebygging av ekstremisme til våren.

Ekstremismekommisjonen NOU 2024: 3 Felles innsats mot ekstremisme: Bedre vilkår for det forebyggende arbeidet  la vekt på at det er behov for betre organisering og meir kunnskap i det førebyggjande arbeidet. Dette vil regjeringa følge opp som ein del av meldinga til Stortinget.

– Kommunale tenester og etatar må samarbeide for å forhindre og førebyggje ekstremistisk vald og terror. Vi må dele kunnskap og vi må gripe inn tidleg nok, seier kultur- og likestillingsministeren.

3,5 millionar til Støttegruppa 25. juni

– Støttegruppa tilbyr uvurderleg hjelp til dei som vart ramma av terroren 25. juni 2022. I tillegg er dei ein tydeleg stemme mot hatet som mange skeive utsettast for. Det har vore viktig for regjeringa å sikre trygge økonomiske rammer for at arbeidet til støttegruppa kan fortsette, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Støttegruppa 25. juni blei etablert etter terrorangrepet i Rosenkrantz’ gate i Oslo 25. juni 2022. Dei jobbar for å skape trygge møteplassar og gi informasjon, særleg i møte med myndigheitene og andre instansar, og har formidla erfaringar og behov frå dei som vart råka.

I tillegg er dei opptekne av korleis det har vore å vere skeiv og muslim i Noreg etter terroren, og bygd bru imellom skeive og muslimske miljø.

– Ei av anbefalingane frå Ekstremismekommisjonen handlar om å styrke arbeid for demokrati, medborgarskap og minner. Det inkluderer å bidra til ei kontinuerleg samtale om kva ekstremisme kan vere og føre til. Dei som har vore ramma av terror og ekstremisme spelar ei heilt sentral rolle i desse samtalane. Støttegruppa har vore på plass heile vegen med støtte og fellesskap. Dei er ein viktig ressurs, seier Jaffery.

I juni 2024 vart Støttegruppa 25. juni tildelt Kim Frieles minnepris. Dei fekk prisen for deira særs viktige arbeid for eit trygt, inkluderande og likestilt samfunn for alle. 3,5 millionar til støttegruppe kjem i tillegg til dei 15 til førebygging av ekstremisme.