Forenklar byggjesøknader – DiBK vann innovasjonspris

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har blitt tildelt prisen «Årets fyrlykt 2024» og publikumsprisen for utviklinga av det KI-baserte verktøyet «Planslurpen».

Når ein skal byggje, kan det ofte vere tidkrevjande å finne fram til og forstå kva for reguleringar som gjeld for ei tomt.

Verktøyet «Planslurpen» nyttar kunstig intelligens til å hente ut nøkkelinformasjon frå reguleringsplanar. Slik kan innbyggjarar enkelt  få tilgang til relevant informasjon om byggjeføresegner for sin tomt, utan å måtte navigere gjennom komplekse dokument.

– Å få utvikla verktøy som «Planslurpen» er eit viktig ledd i regjeringa si satsing på å gjere plan- og byggjesaksprosessane meir effektive. Med verktøy som «Planslurpen» kan vi bruke ny teknologi til å gjere prosessane enklare og mindre tidkrevjande for både innbyggjarar, kommunar og utbyggjarar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande:

–Målet til regjeringa er at det skal bli raskare og enklare å realisere gode bustadprosjekt i heile landet. DiBK har vist innovasjon i praksis, og DiBK er eit førebilete i korleis ein tek i bruk kunstig intelligens for å finne smarte løysingar, seier han

Les meir og sjå video av Planslurpen her. 

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.