Forenklingar for småbedrifter

Stortinget vedtok 11. juni eit forslag frå Finansdepartementet til endringar i regnskapsloven mv. Endringane inneber mellom anna forenklingar for om lag 3000 mindre norske føretak.

Finansdepartementet fremma 15. mars forslag til endringar i regnskapsloven og ei rekke andre lovar. Lovforslaget som Stortinget no har vedtatt, gjennomfører direktivreglar om berekraftsrapportering frå store og børsnoterte føretak. Lovforslaget inneber òg endringar i definisjonen av små føretak i regnskapsloven. Det vil gje forenklingar for om lag 3 000 mindre norske føretak.

Lovendringane skal gjelde frå den tid Kongen bestemmer. Lovendringane vil ikkje bli satt i kraft i tide til at endringane i definisjonen av små føretak kan bli gjort gjeldande for rekneskapsåret 2023. Som varsla i lovproposisjonen, tar departementet sikte på å fastsetje overgangsreglar om trinnvis innføring av krav om berekraftsrapportering i tråd med overgangsreglane i direktivet.