Foreslår 200 millionar for å gjere Helseplattforma meir brukarvennleg

I nysalderinga av statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa ei løyving på 200 millionar kroner til Helse Midt-Noreg RHF sitt arbeid med å legge til rette for at Helseplattforma blir meir brukarvennleg.

– Riksrevisjonen sin rapport om Helseplattforma nyleg er alvorleg, og vi høyrer dei same tilbakemeldingane frå helsepersonell som bruker Helseplattforma. Samtidig oppmodar Riksrevisjonen om å legge til rette for størst mogleg oppslutnad om Helseplattforma. Då er det viktig at vi er tydelege på at vi forventar at Helse Midt-Noreg RHF involverer helsepersonell i forbetringsarbeidet knytt til ei meir brukarvennleg løysing, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Dei 200 millionane kronene regjeringa foreslår skal gjere det lettare for helsepersonell å bruke Helseplattforma og auke effektiviteten i løysinga.

– Å skape ei meir brukarvennleg løysing veit vi er eit sterkt ønske frå fleire hald. Med denne ekstraløyvinga vil det vere mogleg for Helse Midt-Noreg RHF å prioritere, fortel Vestre.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.