Revidert nasjonalbudsjett:
Føreslår å atterreise Vestfold og Telemark
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa føreslår i dag at Vestfold og Telemark delast i to fylke. – Vestfold og Telemark vart slått saman med tvang av førre regjering, no blir dei høyrt. Vi legg til rette for tenester nær folk og eit reelt folkestyre. Dette er ein god dag for lokaldemokratiet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Om Stortinget fattar vedtak om deling før sommaren, kan Telemark og Vestfold atter bli eigne fylke frå 1. januar 2024. Regjeringa har gitt tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar moglegheita til å dele seg. Tre fylke og éin kommune har søkt.
– Vi følgjer opp regjeringserklæringa og føreslår at kommunen og desse fylka blir delt tilbake til dei gamle einingane. No er det opp til Stortinget å avgjere delinga av fylke og kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
I same proposisjon føreslår regjeringa å dele fylka Troms og Finnmark og Viken, samt Ålesund kommune.
Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00