Revidert nasjonalbudsjett
Foreslår å auke løyvinga til tilskotsordning for kulturminne i jernbanesektoren med 2,5 millionar kroner
Pressemelding | Nr: 43/23 | Dato: 11.05.2023 | Samferdselsdepartementet
– Jernbane handlar ikkje berre om transport. Jernbanen har vore ein del av vår kultur i over 150 år. Vern gjennom bruk er eit sentralt prinsipp i forvalting av kulturminne. Ein auke på 2,5 millionar kroner til Norsk jernbanemuseum kan bidra til å fasilitere for berekraftig bruk og bevaring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Stortinget vedtok i desember 2022 å løyve 25 millionar kroner til tilskotsordninga for kulturminne i jernbanesektoren på statsbudsjettet for 2023.
Frivillige organisasjonar og historisk togmateriell
I revidert nasjonalbudsjett 2023 foreslår regjeringa å auke løyvinga med i alt 2,5 millionar kroner.
Av desse midlane er 2 millionar kroner sette av til driftsstøtte til frivillige landsdekkande organisasjonar og tiltak for betre varetaking av historisk togmateriell. Midlane blir tildelte ut ifrå ei prioritert rekkjeføljge i tiltakslista i Jernbanedirektoratets rapport Plan for historisk togmateriell (delprosjekt 2).
I tillegg er 0,5 millionar kroner foreslått for å kompensere for prisvekst.
Norsk jernbanemuseum på Hamar forvaltar tilskotsordninga for kulturminne i jernbanesektoren.
For fleire opplysningar – sjå: Jernbanedirektoratets rapport Plan for historisk togmateriell. Delprosjekt II (pdf)