Foreslår at arbeidsmiljølova skal gjelde for fornybar energiproduksjon til havs

Energidepartementet har i dag lagt fram lovforslag om endringar i arbeidsmiljølova for å gjere lova gjeldande for fornybar energiproduksjon til havs.

– Dette er ein viktig milepæl for ny industriverksemd til havs. Det er viktig at norske myndigheiter legg til rette for sikre og gode arbeidsforhold for arbeidstakarar som skal jobbe i havvindnæringa og annan fornybar industriverksemd til havs, seier energiminister Terje Aasland.

Departementet foreslår at det blir presisert i arbeidsmiljølova § 1-3 at lova skal gjelde for verksemd i samband med fornybar energiproduksjon og omforming og overføring av elektrisk energi til havs. Departementet foreslår også at overskrifta i § 1-3 blir endra frå «petroleumsvirksomhet til havs» til «virksomhet til havs». Denne endringa vil gjere det tydeleg at regelen gjeld for meir enn petroleumsverksemd.

Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft 1.1.2026.

Når det no blir foreslått å endre arbeidsmiljølova vil det vere tilstrekkeleg lovgrunnlag for å innføre forskrift om sikkerheit og arbeidsmiljø ved fornybar energiproduksjon til havs. Havindustritilsynet arbeider for tida med denne forskrifta.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.