Foreslår endringar i reglane for funksjonelt skilje
Pressemelding | Dato: 24.03.2023 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår endringar i energilova som utvidar unntaket frå kravet om funksjonelt skilje for nettføretak. Det blir foreslått at kravet berre skal gjelde nettselskap med 100 000 eller fleire nettkundar.
— Den foreslåtte endringa vil føre til sparte kostnader for dei energikonserna dette gjeld. Ved å heve grensa legg me også betre til rette for at mindre nettselskap kan gjennomføre samfunnsmessig ønskelege fusjonar, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
I eit energikonsern gjeld krav om funksjonelt skilje mellom nettverksemd og anna verksemd. I dag gjeld kravet dersom nettselskapet har fleire enn 10 000 nettkundar. Kravet til funksjonelt skilje inneber at personar i leiinga i eit nettselskap ikkje skal delta i leiinga av andre delar av energikonsernet. Reglane om funksjonelt skilje ha vore endra fleire gonger dei siste åra. Det blir ikkje foreslått endringar i kva kravet går ut på, men i kven som er underlagt krava. Kravet om selskapsmessig skilje mellom nettverksemd og anna verksemd vil framleis gjelda.
— No fjernar me eit kostnadskrevjande og unødvendig hinder. Energiselskapa veit best sjølv korleis dei skal organisere seg og bruke kompetansen i arbeidskrafta si, seier Aasland.
I januar 2023 var det 89 nettselskap, og av desse har 83 selskap færre enn 100 000 nettkundar. Det er altså seks nettselskap som har 100 000 eller fleire nettkundar.
Forslaget om endringar i energilova er i tråd med forslaget som vart sendt på offentleg høyring med frist 14. desember 2022.
Lenke til Prop. 65 L (2022–2023): Endringar i energiloven (endringar om funksjonelt skilje for nettføretak)