Foreslår endringar i teieplikta for prestar og forstandarar

I ei høyring foreslår regjeringa endringar i reguleringa av teieplikt for prestar i Den norske kyrkja, og prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn. I høyringa blir det lagt fram to alternativ: Å oppheve teiepliktsregelen eller å vidareføre den i trussamfunnslova.

– Det er ein grunnleggjande verdi at det finst trygge rom for fortrulege samtalar. Dette er eit gode som har vore halde i hevd av kyrkjene i lang tid, og der fleire trus- og livssynssamfunn har gjeve ulike bidrag etter kvart som sektoren i Noreg har vorte meir mangfaldig. Den gjeldande reguleringa reiser likevel fleire utfordringar som vi må sjå nærare på, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Eit samfunn i utvikling og endring

Høyringsnotatet sitt hovudforslag er å oppheve den lovpålagde teieplikta. Utviklinga på trus- og livssynsfeltet og i samfunnet elles, har ført til at det ikkje lenger er klart kven som fell inn under omgrepa «prester eller forstandere […] og disses hjelpere» i straffelova § 211. Det er dermed uklart kven som er omfatta av teieplikta. Brot på teieplikta kan straffast, det kan difor ikkje vere usikkerheit rundt kven som er bunden av teieplikt og kven som ikkje er det.

Spørsmålet om korleis reguleringa av teieplikta for prestar og tilsvarande sjelesørgjarar skal utformast, reiser grunnleggjande spørsmål om kvifor staten skal straffe brot på teieplikt i trus- og livssynssektoren, og om det er føremålstenleg med éin felles regel for ein sektor som har vorte så mangfaldig.

Departementet har gjort ei kartlegging som tyder på at det er uvissheit hos trus- og livssynssamfunn om rekkevidda av dagens teiepliktregel. Når trus- og livssynssamfunn legg til grunn at fleire personar og roller har teieplikt enn det som er tilfelle, kan det til dømes føre til at alvorlege bekymringar for barn ikkje blir melde til barnevernet. Å oppheve den lovpålagde teieplikta vil kunne bidra til å skape klarheit om rekkevidda av opplysningsretten til barnevernet.

Vidareføring er òg eit alternativ

Vidareføring av teieplikta kan òg vere eit alternativ. I høyringsnotatet blir det skissert alternative utformingar av ein teiepliktregel i trussamfunnslova.

– Dette er eit viktig tema. Eg ser fram til tilbakemeldingane frå sektoren. Dette skal vi jobbe grundig med, seier Toppe.

Andre endringar

Høyringsnotatet har tre delar. Del 1 omhandlar den ovannemnte teieplikta i tros- og livssynssamfunn.  Del 2 omhandlar bevisforboda i straffeprosesslova § 119 første ledd og tvistelova § 22-5 første ledd. Desse føresegnene seier i dag at retten ikkje skal ta imot bevis frå mellom andre «prestar i Den norske kyrkja, prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn» om opplysningar som er tiltrudd dei i deira stilling.

I høyringsnotatet foreslår departementet at bevisforboda blir formulerte om slik at dei omfattar prestar og tilsvarande sjelesørgjarar i registrerte livssynssamfunn og andre fast organiserte trus- og livssynssamfunn.

Del 3 av høyringsnotatet gjeld forslag til enkelte mindre endringar i gravplassregelverket for å effektivisere sakshandsaminga for gravplassmyndigheitene.

Les høyringa.