Foreslår lovendring for å høyre innbyggjarane
Pressemelding | Dato: 03.03.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår at Kommunal- og distriktsdepartementet vert gitt ein særskilt heimel til å gjennomføre innbyggjarhøyringar, inkludert folkerøystingar, i saker der departementet har teke initiativ til å greie ut ei grenseendring. Forslaget om å endre inndelingslova er sendt på høyring i dag.
− Regjeringa er opptatt av å lytte til folk. Eg registrer at spørsmålet om kor vidt departementet kan høyre innbyggarane har blitt debattert, både mellom politikarar og juristar. Eg meiner det er ryddig og klokt med eit tydeleg heimelsgrunnlag, slik at ein unngår slike diskusjonar for framtida, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Fristen for å gi innspel til høyringa er 3. juni 2023. Etter høyringa tek regjeringa sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget. Lovendringa vil kunne tre i kraft i haust dersom Stortinget sluttar seg til.
− Forslaget inneber ei generell lovendring, og innbyggjarhøyringar vil til dømes kunne gjennomførast som folkerøysting. Valdirektoratet vil få i oppdrag å utvikle ei digital løysning som kan brukast ved slike folkerøystingar, seier Gjelsvik.
Spørsmålet om høyring av innbyggarane har blitt aktualisert gjennom den igangsette utgreiinga av deling av Kristiansand kommune. Regjeringa har ynskt eit samarbeid med Kristiansand kommune om høyring av innbyggarane, noko fleirtalet i bystyret har slått fast at dei ikkje ynskjer. Regjeringa har understreka at ein aksepterer dette, og har derfor vurdert korleis høyring av innbyggarane i Søgne og Songdalen kan gjerast.
− Regjeringa er opptatt av at folk i Søgne og Songdalen skal bli høyrt. Regjeringa legg opp til at departementet med ein slik lovheimel gjennomfører ei digital folkerøysting blant innbyggjarane i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar. Dersom over halvparten stemmer for deling i høvesvis Søgne og Songdalen, vil regjeringa lytte til det, seier Gjelsvik.
Ved fleirtal for deling i Søgne og/eller Songdalen, vil endeleg vedtak om deling kunne gjerast første halvår 2024.
- Kristiansand kommune er ein tvangssamanslått kommune, og det vil frå staten si side dekkast nødvendige og direkte kostnader i samband med ei eventuell deling, understrekar Gjelsvik.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00