Føreslår lovendringar for å gi barn i barnevernet betre vern
Nyheit | Dato: 24.03.2023 | Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet legg i dag fram forslag til endringar i barnevernslova som vil bidra til at barn får betre hjelp, omsorg og vern. Endringane gjeld mellom anna barnevernstenestene si plikt til å varsle kvarandre og krav om politiattest for eigarar av private barnevernsinstitusjonar.
– I Hurdalsplattforma er regjeringa tydeleg på at vi vil sikre at informasjon om utsette barn blir overført mellom barnevern ved flytting mellom kommunar. Forslaget om å lovfeste at barnevernstenestene skal varsle kvarandre dersom det er behov for vidare oppfølging frå den nye kommunen barnet flytter til, skal bidra til at barn og foreldre som treng hjelp frå barnevernet skal bli varetekne og følgt opp på ein god måte, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Til no har det vore ei viss uvisse om barnevernstenestene sitt ansvar når ein familie flyttar frå ein kommune til ein annen. Mellom anna er det gjennom tilsyn avdekt at barnevernstenestene sjølv i meir alvorlege tilfelle ikkje har informert barnevernstenesta i barnets nye kommune.
– Det er alvorleg, og viser at det er nødvendig å tydeleggjere barnevernstenestene sitt ansvar for å varsle kvarandre i barnevernslova. For å kunne verne barnet mot ulike former for omsorgssvikt er det ein føresetnad at barnevernstenesta er kjende med barnets situasjon. Da må barnevernstenesta sikre at viktige opplysningar blir vidareformidla til ny barnevernsteneste. Det handlar om å sikre barn i barnevernet nødvendig hjelp og oppfølging, seier Toppe.
For at det skal vere heilt klart kva tilfelle den nye plikta skal gjelde for føreslår regjeringa at barnevernstenestene skal varsle kvarandre dersom det er behov for at barnets nye kommune undersøkjer om barnet har behov for meir inngripande tiltak enn frivillige hjelpetiltak.
Styrkjer vernet mot overgrep på barnevernsinstitusjon
Regjeringa føreslår også å lovfeste krav om at eigarar av private barnevernsinstitusjonar må leggje fram politiattest. Gjeldande regulering gir ikkje heimel til å krevje politiattest, med mindre dei oppheld seg regelmessig på institusjonen. Det kan vere vanskeleg å bedømme kva som ligg i dette kravet. Det betyr at institusjonseigarar kan opphalde seg på institusjonen og slik komme i kontakt med barn.
– Til no har ikkje regelverket gitt eit godt nok vern mot overgrep. Dagens regulering gir ikkje tilstrekkeleg heimel til å krevje politiattest frå eigarar av barnevernsinsititusjonar. Kravet om at eigarar av private barnevernsinstitusjonar skal leggje fram politiattest dersom dei skal arbeide eller opphalde seg på institusjonen er eit viktig verkemiddel for å førebyggje overgrep mot barn og for å bidra til at mindreårige blir tatt hand om av skikka personar. Eg meiner det er behov for å sørgje for ein klar lovheimel for å kunne krevje framlagd politiattest for eigarar av institusjonar, og at reguleringa som gjeld i dag blir tydeleggjort og meir avgrensa, og forankra i barnevernslova. Det er eit viktig grep for betre vern av barn i barnevernet, seier Toppe.
Det er gjort enkelte endringar og presiseringar i ordlyden etter innspel frå høyringa. Det er mellom anna presisert at kravet også gjeld dei som representerer institusjonseigaren.
I tillegg til dei to nemnde forslaga blir det òg føreslått å presisere barnevernstenesta sin tilgang til å behandle personopplysningar i saker om gravide og ufødde barn. Det gjeld særleg korleis tenestene skal registrere og arkivere slike meldingar. Forslaget endrar ikkje ansvaret til barnevernet, men skal vere ei nyttig presisering og klargjering.