Regjeringa foreslår lovendringar for vass- og avløpsanlegg

Regjeringa vil betre drifta av vass- og avløpsanlegg. Lovendringane skal bidra til meir effektiv drift av anlegga, og forebygge forureining og skader frå styrtregn og auka vassmengder.

– Befolkningsvekst og klimaendringar med meir styrtregn gjer at dagens avløpsanlegg ikkje lenger klarer å handtere alt overvatnet. Dette aukar risikoen for forureining og skadar på bygningar og infrastruktur. Kommunen får nå eit tydeleg verktøy i forureiningslova for å kople overvatn frå avløpssystemet slik at det kan handterast trygt lokalt. I tillegg foreslår vi ein ny vass- og avløpsanleggslov som skal bidra til meir effektiv drift av vass- og avløpsanlegg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Regjeringa foreslår endringar i forureiningslova og ny lov om vass- og avløpsanlegg. Endringane følgjer opp tilrådingane frå Overvassutvalet (NOU 2015:16 Overvann i byer og tettsteder – Som problem og ressurs).

Endringane i forureiningslova inneber at kommunen kan fjerne overvatn frå overbelasta avløpsanlegg. Kommunen får nå rett til å påleggje innbyggjarar som mottek kommunale avløpstenester, å kople overvatn frå det kommunale avløpsanlegget så lenge det finst andre forsvarlege måtar å handtere overvatnet på. Dersom det ikkje finst naturlege løysingar for overvatnet, kan kommunen påleggje innbyggjarar å sørgje for tiltak.

Det kan vere å handtere overvatnet på eigen eigedom eller leie overvatnet til eit anna avløpsanlegg eller alternativ avrenningsveg. Dette kan til dømes vere å etablere ei regntønne for å ta unna vatn frå takrenner. Slike tiltak kan ikkje vere uforholdsmessig kostbare. Regjeringa foreslår òg ein tydelegare definisjon av avløpsanlegg og overvatn.

I tillegg foreslår regjeringa ein ny vass- og avløpsanleggslov. Den nye lova vil erstatte lova frå 16. mars 2012 om kommunale vass- og avløpsanlegg.

– Hendingar som gir unødig tap av drikkevatn, fare for forureining og stans i vass- og avløpstenestene er uheldig. Endringane i lova lovfestar rettigheiter og plikter for kommunen og innbyggjarane. Dette gir større rettstryggleik for alle som brukar kommunale vass- og avløpstenester, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

FAKTA

Om lovendringane

Dagens føresegner i vass- og avløpsanleggslova blir i stor grad vidareførte i ny lov. I tillegg fastset lova nye plikter og rettar for både eigar og brukarar av kommunale vass- og avløpsanlegg. Kommunen får ei klar plikt til å levere vass- og avløpstenester til alle abonnentar med tilknyting. Abonnentane får ei plikt til å bruke tenestene på ein måte som ikkje øydelegg for andre brukarar. Brot på reglane i lova kan sanksjonerast. Føresegnene gjer reglane meir føreseielege, samtidig som at klagetilgang i forvaltningslova gir større rettstryggleik.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.