Statsbudsjettet 2025:

Føreslår meir i pensjon til uføre pensjonistar

Regjeringa vil gje rundt 150 000 uføre alderspensjonistar høgare pensjon.

– Alle skal ha ein verdig alderdom i Noreg, sier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Portrett av Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna Foto: Astrid Waller

Regjeringa føreslår å gje eit skjermingstillegg i alderspensjonen også til årskulla 1954-1962, tilsvarande det som vart gitt til årskullet fødd 1953. Regjeringa vil difor auke løyvinga til alderspensjon med 393 millionar kroner.

– Eg er oppteken av at uføre sin alderspensjon skal halde tritt med alderspensjonen til folk i arbeid. Dette sikrar at dei som ikkje kan arbeide får ein anstendig pensjon, seier Brenna.

Forslaget følgjer opp Hurdalsplattformens punkt om å gjeninnføre skjermingstillegg for uføre som vert alderspensjonistar, slik at dei vert skjerma for delar av den såkalla levealdersjusteringa. Levealdersjusteringa inneber at arbeidsføre må stå lenger i arbeid for å få like høg alderspensjon som eldre årskull, noko uføre ikkje har moglegheit til.

Regjeringa tok initiativ til, og har fått på plass eit breitt forlik på Stortinget som styrkjer den sosiale profilen i pensjonssystemet. Forliket inneber at det er brei parlamentarisk semje om at uføre sin alderspensjon skal styrkast gjennom eit skjermingstillegg i tråd med regjeringa sitt forslag, samt auka oppteningsalder og auka øvre aldersgrense for mottak av uføretrygd.

Om skjermingstillegget

  • Om lag ein tredel av alle nye alderspensjonistar kjem frå uføretrygd. Desse vil få eit høgare pensjonsnivå som følgje av tiltaket.
  • Skjermingstillegget vil utgjere i snitt over 6000 kroner per år for uføre fødde i 1954, fallande med om lag ein tiandedel per årskull i takt med utfasinga av den gamle oppteningsmodellen.
  • Årskullet 1963 er omfatta fullt ut av nye oppteningsreglar, og tiltaket vil difor ikkje ha effekt for dette og yngre årskull. Yngre årskull vil likevel få auka alderspensjon som følgje av auka oppteningsalder og auka øvre aldersgrense for mottak av uføretrygd. Desse delane av pensjonsforliket frå 29. februar i år vil bli følgde opp seinare.