Føreslår mellombelse lovendringar for å vere førebudd på fordrivne ukrainarar
Nyheit | Dato: 29.04.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Situasjonen i Ukraina og nærområda er uføreseieleg, og Noreg planlegg for å ta imot eit høgt tal av fordrivne ukrainarar. Høge tal fører til auka press på grunnleggande velferdstenester som barnehage, skule og helse- og omsorgstenester.
– Eg er trygg på at vår felles helseteneste, òg i ein situasjon med svært mange ukrainarar som har kome, vil klare å tilby helse- og omsorgstenester av forsvarleg kvalitet til befolkninga, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Kan gi unntak frå enkelte lovkrav
For å kunne handtere eit svært høgt tal på fordrivne frå Ukraina, føreslår Helse- og omsorgsdepartementet mellombelse lovføresegn som opnar for at regjeringa i gitte situasjonar kan vedta unntak frå enkelte lovkrav i pasient- og brukerrettighetsloven, spesialisthelsetjenesteloven og helse- og omsorgstjenesteloven.
Dei grunnleggande pliktane og rettane til helse- og omsorgstenester skal bli tatt vare på. Det vil ikkje vere mogleg å gjere unntak frå plikt og rett til grunnleggande helse- og omsorgstenester, som omgåande hjelp og nødvendige helse- og omsorgstenester.
Det kan heller ikkje bli gitt unntak frå plikta til å yte forsvarlege helse- og omsorgstenester, verken for helseføretak, kommunar eller helsepersonell.
Unntaka kan gjelde til 1. juli 2023
I lovproposisjonen er det føreslått heimel for at det ved behov kan bli vedtatt unntak frå pliktar eller rettar som:
- Fastsetting av frist for når pasienten seinast skal få nødvendig helsehjelp
- Rett til informasjon innan 10 dagar som svar på tilvising
- Rett til fornya vurdering
- Rett til fritt val av behandling
- Rett til individuell plan
- Rett til kontaktlege
- Rett til koordinator
- Rett til barnekoordinator
Unntak blir berre gjort dersom det er nødvendig for å kunne gjere omstillingar eller prioriteringar for å bidra til å sikre at helse- og omsorgstenesten si kapasitet ikkje blir sprengt.
Utgangspunktet er at helse- og omsorgstenestene vil klare å oppfylle dei krava som er i lov og forskrift i dag. Lovendringane som er føreslått er mellombelse, og skal opphevast seinast 1. juli 2023.