Forlenga åremål for Rieber-Mohn
Pressemelding | Dato: 10.06.2022 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Libe Rieber-Mohn får forlenga åremål som direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Ho blei utnemnd i statsråd fredag.
– Libe Rieber-Mohn har gjort ein svært god jobb i den første åremålsperioden sin i ein krevjande periode for IMDi. Ho er ein trygg leiar, har faglig autoritet og solid rolleforståelse, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Rieber-Mohn har leia IMDi gjennom omorganisering og krise. Krigen i Ukraina har gjort at kommunane har takka ja til å busetja historisk mange flyktningar på anmodning frå IMDi.
– Eg ser fram til å fortsette det viktige integreringsarbeidet saman med mange dyktige medarbeidarar i IMDi, seier Libe Rieber-Mohn.
Libe Rieber-Mohn utdanna cand.sociol. ved Universitetet i Oslo. Ho har vore direktør for IMDi sidan 2016. Rieber-Mohn har tidlegare mellom anna vore varaordførar og gruppeleiar for Arbeiderpartiet si bystyregruppe i Oslo og statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Åremålet er seks år.