Statsbudsjettet 2025

Forlengjer straumstønaden

Regjeringa foreslår å vidareføre straumstønadsordninga og set av 4,8 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2025.

Forlenging av straumstønadsordninga: Regjeringa vil vidareføre den mellombelse straumstønadsordninga for hushald, burettslag og nærvarmeanlegg i 2025, med ei avsetning på 4,8 milliardar kroner i statsbudsjettet.

Justerte terskelverdiar: Frå 1. januar 2025 blir terskelverdien for straumstønad justert frå 73 til 75 øre per kilowattime, der staten dekkjer 90 % av kraftprisen over denne terskelen for forbruk opp til 5000 kWh per månad per målepunkt.

Forventa lågare straumprisar i 2025: I 2022 blei det utbetalt 26,4 milliardar kroner i straumstøtte til hushalda, medan det i 2023 blei utbetalt 16,4 milliardar kroner. Nedgangen kjem av lågare straumprisar. For 2025 er det venta at straumprisane vil liggje på eit lågare nivå enn dei siste åra.

Auka fyllingsgrad i vassmagasina: Vassmagasina er nær normalt nivå etter mykje nedbør i august 2024, spesielt på Vestlandet, noko som bidrar til meir stabile energiprisar.

Reduksjon i forskjellar i nettleiga: Regjeringa foreslår å setje av 18 millionar kroner for å redusere forskjellar i nettleiga for forbrukarar i område med dei høgaste nettleigekostnadene.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av Energidepartementet før publisering.

– Me vil halde fram med å bidra til at folk kan ha ein trygg økonomisk kvardag, same kvar i landet dei bur. Derfor vil me føre vidare den mellombelse straumstønadsordninga for hushald, burettslag og nærvarmeanlegg i 2025, seier energiminister Terje Aasland.

Regjeringa foreslår at terskelverdien for straumstønadsordninga blir prisjustert frå 73 til 75 øre per kilowattime frå og med 1. januar 2025. Staten betaler 90 prosent av kraftprisen over dette nivået, for forbruk inntil 5 000 kilowattimar per månad per målepunkt. Berekninga av straumstønaden baserer seg på spotprisen time for time i det prisområdet hushaldet tilhøyrer.

Les meir: Tidslinje for straumstønad til hushalda

Straumstønaden bidreg til ein reduksjon av dei månadlege straumutgiftene for hushaldskundar og burettslag når straumprisen overstig terskelverdien i kvar enkelt time. Det er ei målretta innretting som gjer at støtta blir rekna ut frå det faktiske forbruket i hushaldet.

 

Forventar lågare straumprisar i 2025

I 2022 vart det utbetalt 26,4 milliardar kroner i straumstønad til hushalda, medan det i 2023 vart utbetalt om lag 16,4 milliardar kroner. Årsaka til den store nedgangen kjem av lågare straumprisar. For 2025 er det forventa at straumprisane vil liggje på eit lågare nivå samanlikna med dei siste åra.

– I 2024 har me fått meir vatn i magasina, og fyllingsgraden er tilnærma på normalt nivå. August hadde svært mykje nedbør, spesielt på Vestlandet, noko som har bidratt til å fylle opp magasina. Like fullt er me framleis inne i ein periode der utviklinga i energimarknadene rundt oss er meir usikker enn før. Derfor har regjeringa i fleire omgangar forlenga og forbetra straumstønadsordninga. Folk skal vere trygge på at staten stiller opp, seier Aasland.

 

Reduserer forskjellar i nettleiga

Regjeringa foreslår å løyve 18 millionar kroner for å redusere forskjellar i nettleiga til kundar i distribusjonsnettet i 2025. Formålet med ordninga er å bidra til ein direkte reduksjon av nettleiga til sluttbrukarar som er knytte til distribusjonsnettet i områda med høgast nettleige. Nettleige er det forbrukaren betaler for å frakte straumen til bustaden sin.