Forlik mellom Forsvarsdepartementet og Fellesforbundet
Nyheit | Dato: 30.10.2023 | Forsvarsdepartementet
– Eg er oppteken av folka våre og at me har ryddige forhold. Det er derfor gledeleg at denne saka har funne løysinga si utanfor rettsapparatet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Avtalen slår fast prinsippet om at avtalar med industri og næringsliv som hovudregel skal forsterka, og ikkje komma til erstatning for, Forsvarets eigen vedlikehaldskapasitet. I tillegg legg forliksavtalen klare og føreseielege rammer for utøvinga av medråderett for denne typen avtalar.
Fellesforbundet tok 15. desember 2022 ut stemning for Arbeidsretten mot staten v/Forsvarsdepartementet med påstand om at Forsvaret ved enkelte tilfelle ikkje hadde overhalde plikta til medråderett i samband med inngåing og bruk av avtalar med private aktørar og i samband med ein omstillingsprosess. Saka var dagsett til hovudforhandling 30. oktober til 3. november. Partane inngjekk 13. oktober i år forlik i saka.