Fornya støtte til akademisk samarbeid med det globale sør
Pressemelding | Dato: 07.03.2024 | Kunnskapsdepartementet
No kan norske fagmiljø søke om støtte til akademisk samarbeid og studentmobilitet med universitet og høgskular i det globale sør. Kvart prosjekt kan få inntil fem millionar kroner i støtte .
– Gjensidig akademisk samarbeid med miljø i det globale sør er viktig for å utvikle ny kunnskap i møte med store samfunnsutfordringar som global helse, berekraft, migrasjon, demokrati og menneskerettar. No får fleire høve til å samarbeide om kunnskapsutvikling på tvers av fagmiljø i Noreg og partnarlanda, og studentar kan få relevant internasjonal erfaring og kompetanse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som lyser ut midlar i ordninga NORPART. Budsjettet er på 35 millionar kroner årleg, for perioden 2024 til 2028, med atterhald om årleg godkjenning av Stortinget.
2400 studentar og tilsette på utveksling sidan 2016
Formålet med NORPART er å forbetre kvaliteten på høgare utdanning i Noreg og utvalde partnarland gjennom akademisk samarbeid og gjensidig studentmobilitet. NORPART omfattar alle akademiske disiplinar, og rettar seg mot i alt 39 utvalde samarbeidsland i Afrika, Asia og Latin-Amerika.
Sidan 2016 har over 1500 master- og doktorgradsstudentar reist på utveksling med NORPART-støtte, medan fleire enn 900 tilsette har hatt faglege utvekslingsopphald. Det er utvikla meir enn 200 kurs, og det er tatt i bruk nye læreplanar, utdanningsverktøy og vurderingsmetodar som følge av det internasjonale partnarskapet.
– Med denne nye utlysinga vil mange nye studentar og tilsette få delta i viktig internasjonalt samarbeid. Samstundes vil utviklinga av nye og relevante kurs og metodar bidra til å styrke kvaliteten på høgare utdanning på institusjonsnivå, både i Noreg og partnarlanda, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.
Førre NORPART-utlysing var i 2021. Då fekk HK-dir 150 søknadar, og gav støtte til 28 prosjekt.
Fakta
- Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART) rettar seg mot høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og det globale sør.
- Samarbeidsprosjekta skal vere baserte på felles faglege interesser og strategiske prioriteringar ved institusjonane. Fagleg spenner dei over eit vidt spekter.
- Søkaren må vere ein akkreditert norsk høgare utdanningsinstitusjon, og søknaden må inkludere minst éin partnar som er ein akkreditert høgare utdanningsinstitusjon i eitt av NORPARTs partnarland.
- Involverte studentar skal vere på master- eller doktorgradsnivånivå.