Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe besøker Rjukan, Hardangervidda og Rauland

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Tysdag 30. mai drar forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på tur i Telemark. På programmet står omvising hos verdas største landbaserte oppdrettsanlegg for aure, opning av VR Hardangervidda økologisk rollespel og besøk på Universitetet i Søraust-Noreg i Rauland.

Program:

  • kl. 12-13: Omvising og presentasjon hos Hima Seafood, Rjukan
  • kl. 14-15.30: Hardangervidda Nasjonalparksenter. Statsråden held tale og klipper snora for den offisielle opninga av VR Hardangervidda økologisk rollespel. Både forskarar og studentar frå USN, NMBU og UiO har vore med på å utvikle rollespelet, som er retta mot barn, unge og studentar. Spelet viser kva endringar som kan skje med dyre- og planteliv på Hardangervidda fleire år fram i tid, og kva slags konsekvensar val ein gjer i dag kan få i framtida.
  • kl. 16-17: Besøk på USN Rauland. Her får statsråden omvising og høyre meir om utdanningane i mellom anna tradisjonskunst og folkemusikk. Han får også sjå på dei nye studentbustadene som er under oppføring.

Journalistar som ønsker å delta eller intervjue statsråden, kan kontakte politisk rådgjevar Signe Bjotveit: 974 98 363. signe.bjotveit@kd.dep.no