Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch til Molde og Kristiansund

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Torsdag 17. august besøker forskings- og høgare utdanningsministeren Kristiansund og Molde, for å få omvising på nye Campus Kristiansund og delta på studiestart ved Høgskulen i Molde.

Program:

Kristiansund:

  • 08.00-8.20: Statsråden besøker høgskulesenteret i Kristiansund. Her får ho mellom anna høyre meir om Helseinnovasjonssenteret, og om prosjekt for desentralisert lærarutdanning i samarbeid med Høgskulen i Volda.
  • 08.35-9.20: Omvising på nye Campus Kristiansund, med informasjon om dei ulike satsingane som kjem her.
  • Adresse: Studenthuset, Vågeveien 10, Kristiansund

Molde:

  • 11.00-13.15: Statsråden deltek på semesteropninga til Høgskulen i Molde og taler til studentane. Deretter møter ho studentar og andre inviterte til lunsj og ein uformell prat.
  • Adresse: Scandic Seilet hotell, Bjørnsonhuset

Pressa er velkomen til å delta, og det blir gode moglegheiter for intervju og bilete.

Kontakt:

Journalistar som vil delta, kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen (91114868).