Forskings og høgare utdanningsministerens tale under besøk i Innlandet

Statsråd Oddmund Hoel talte på skolepolitisk møte i Lillehammer under besøket i Innlandet.

Kjære alle saman,

Hjarteleg takk for invitasjonen! Det er flott å vere tilbake i Lillehammer!  

Så er jo bakteppet noko meir alvorleg. Tidlegare i august kom regjeringa ut med den såkalla perspektivmeldinga. Det er ikkje første gongen regjeringa snakkar om kompetansemangel og mangel på folk som ei stor samfunnsutfordring.

Men no snakkar vi med endå høgare stemme. Mangel på arbeidskraft er – i mykje større grad enn tidlegare – eit sentralt tema i denne meldinga. Det er ei utfordring som vil kunne ha djuptgripande konsekvensar. Det er ei utfordring som må handterast no, og det er vi alt i gang med.

Dei siste åtte månadene har eg fått reist rundt i Noreg. Eg har møtt ordførarar, rektorar og bedriftsleiarar. Dei fortel at kompetansemangelen ikkje berre er noko som høyrer framtida til; han er allereie reell. I heile landet er det mangel på folk i ei lang rekke næringar og yrke, men det er særleg manko på lærarar, helsearbeidarar og ingeniørar.

Og utfordringa er spesielt stor i distrikta. Vi ser det med sjukehusopprør, barnehageopprør, skular som blir lagde ned. Det er jo også bakteppet for dette møtet. Og ifølge NHOs Kompetansebarometer slit heile 70 prosent av bedriftene i distrikta med å få tak i rett kompetanse. Dette er ikkje berekraftig.

Samstundes står nesten 700.000 nordmenn i yrkesaktiv alder utanfor arbeid og utdanning.

Alt dette vi gjere noko med.

 *                                   

Vi lever i ei tid der vi snakkar mykje om beredskap – om kornlager, opprusting av forsvaret –  og hermetikk og vassdunkar i heimen. Men vi må òg snakke om kunnskapsberedskap.  Det er ein svært viktig del av totalberedskapen vår.

Vi treng kunnskapsberedskap i heile landet – som vi kan ta i bruk her og no, og i framtida. Vi treng det for at vi skal klare å møte dei andre to hovudutfordringane som vi teiknar opp i perspektivmeldinga – nemleg behovet for omstilling og behovet for å oppretthalde framleis god fordeling og små sosiale forskjellar i Noreg.

Vi treng kunnskapsberedskap – lokalt og sentralt – for å ivareta alt frå mattryggleik og nasjonal tryggleik, til handtering av vann og avløp og betre helsetenester i kommunane. I krisetid og elles.

*

Så korleis skal vi gjere det? Korleis skal vi sikre rett kompetanse for å utvikle heile Noreg?

Eit av nøkkelsvara på dette spørsmålet, som òg er tydeleg i perspektivmeldinga, er å satse på utdanning og forsking i heile landet. Og det gjer verkeleg denne regjeringa!

Dette har vi òg kunnskapsgrunnlag for å gjere. Demografiutvalet konkluderte for nokre år sidan med at desentralisert utdanning kan bidra til at fleire buset seg i distrikta. For å sitere Victor Norman, samfunnsøkonomen og Høgre-politikaren som leia utvalet: «Høyere utdanning er en av de største truslene for distriktene, men det er også en av de store mulighetene».

Altså: Dersom utdanningsinstitusjonar ikkje finst i distrikta, vil folk dra til byane. Men dei kan òg reise ut av byane, om det finst tilbod andre plassar. Denne sommaren har vi sett at det er fleire fordelar ved å ha eit desentralisert studietilbod. I media har vi lese om kor dyrt det er for studentar og andre å bu i dei store byane – tenk så dyrt det hadde vore om vi ikkje hadde hatt høgare utdanning i heile landet!

Uansett, konklusjonen til Demografiutvalet var at utdanning ikkje berre er med på å tiltrekke seg folk til ein plass – det er òg med på å styrke kompetansen til dei som allereie bur der. Derfor er utdanningsinstitusjonar i distrikta ein viktig føresetnad for vekst.

*

Så kva gjer regjeringa for å følgje opp dette?

Vi gjer mykje, og eg skal ikkje dra dykk gjennom alle tiltaka her, men eg har lyst til å dele dei grepa eg meiner er heilt nødvendig for å møte kompetansemangelen.  

Til å byrja med: Tidlegare i år rydda regjeringa kraftig opp i opptakssystemet for høgare utdanning.

Vi fjerna mellom anna ei rekke tilleggspoeng, og ikkje minst alderspoeng, som gjer at unge vil kome raskare i gong. Men vi gjorde òg ei anna ting som eg meiner har vore heilt avgjerande for å møte den store mangelen på særleg sjukepleiarar, men òg lærarar.

I lang tid har vi høyrt frå universitet og høgskular at dei meiner karakterkrava på desse studia verker mot hensikta si. Dei har erfart at dei har mange motiverte søkarar på desse studia, som ikkje kjem inn på grunn av krava. Eller folk som er motiverte, men som har late vere å søke på grunn av krava. Derfor gjekk regjeringa inn for å fjerne karakterkrava på sjukepleiarstudiet. I tillegg kan institusjonar no søke om dispensasjon for karakterkrava på lærarstudiet.

Nå ser vi allereie at dette har hatt fantastiske resultat! Fleire stader i landet melder institusjonane at dei nå får teke opp langt fleire søkarar til desse viktige utdanningane. HiNN er blant dei. Sjukepleiarutdanninga i både Elverum, Kongsvinger og Tynset har ei betydeleg auke i tal på ja-svar frå søkarar gjennom det lokale opptaket.

Når det gjeld lærarutdanninga, fjerna HiNN kun delvis karakterkrava, og her ser vi også mindre effekt. Vi ser at andre institusjonar, så har valt å fjerne krava heilt, har fått inn langt fleire søkarar. På landsbasis har 1150 ekstra studentar søkt på lærarutdanningar der karakterkravet er fjerna. 

Å fjerne karakterkrava har med andre ord allereie bidrege til å auke rekrutteringa til nokre av dei viktigaste velferdsyrka våre.

*

Eit anna viktig grep som regjeringa har gjort, er å satse sterkt på fleksible og desentraliserte utdanningar i heile Noreg.

I budsjettet for 2024, foreslo regjeringa å flytte 200 millionar kroner direkte til institusjonane. Det har mellom anna kome Høgskulen i Innlandet til gode, som fekk 21 millionar kroner i auke for å styrke fleksibel og desentralisert utdanning.

Studiesentera på Kongsvinger og Tynset har lagt til rette for omfattande og gode tilbod. Det viser korleis lokale aktørar i både offentleg og privat sektor har bidrege til å styrke kompetansen i regionen. I fjellregionen (Tynset) har ein til dømes lagt til rette for utdanning for styreleiarar, lærarar, vernepleiarar og økonomar, og i vår ble det starta opp et nytt modulstudiet i IKT-datatryggleik frå Fagskolen Innlandet. Dette er veldig bra!

*

Regjeringa har dessutan prioritert studieplassar innanfor grøn omstilling og IKT nettopp fordi vi treng desse yrka og arbeidsplassane framover.

Men institusjonane må òg sjølv i endå større grad rette seg etter arbeidslivet sine behov. I tildelingsbreva i år gjorde vi det klart at vi forventar at dei prioriterer rekruttering til lærar- helse- og sosialfagutdanningane.

*

For at befolkninga skal ha kunnskap som treff arbeidslivet, er det heilt avgjerande at ein kan fylle på med kunnskap heile livet.

Vi utarbeider ei låneordning gjennom Lånekassa, som skal treffe vaksne arbeidstakarar, slik at dei kan ta vidareutdanning. Vi tok òg grep i profesjonsmeldinga for å sikre fleire vegar inn i mellom anna lærarutdanninga og læraryrket.

Så kjem vi på nyåret med ei stortingsmelding om fagskulane. Desse utdanningane er svært viktige for at vi skal kunne svare på nye samfunnsutfordringar til einkvar tid. Vi vil derfor gjere ein rekke grep for å utvikle både kvaliteten og utdanningstilbodet.

*

Regjeringa jobbar altså langs fleire spor for å ruste Noreg med kunnskap, forsking og kompetanse.

Saman byggar vi kunnskapsberedskap stein for stein.

Men så er det òg slik at vi ikkje kan predikere framtida. Vi må kombinere dei kortsiktige og langsiktige behova. Dagens ungdom skal stå i arbeid fram til 2070-åra. Mange kjem til å ha yrke som vi ikkje veit om i dag. Så mi oppfordring til arbeidslivet, og ikkje minst næringslivet, er å sjå at ein treng ei breidde i kompetansen. Ein treng ikkje berre kompetanse til å løyse konkrete ting her og no – evna til å stå i omstillingar og vere innovativ er heilt avgjerande.

Samstundes gjer vi det vi kan gjere. Vi har utnemnt eit partssamansett utval for ei kompetansereform for arbeidslivet. Det er essensielt at vi har partane med oss når vi skal lage kompetansepolitikken for framtida. Dei er ein del av løysinga og har derfor også eit stort ansvar.

Framover må vi også utdanne folk for at vi kan frigjere arbeidskraft. Her kjem regjeringa si satsingar på digitalisering og kunstig intelligens inn i biletet. Vi har mellom anna løyvt 1 milliard ekstra over dei neste fem åra til forsking på kunstig intelligens. No jobbar vi òg med ei stortingsmelding om forskingssystemet, der eit av dei store måla er at samfunnet skal kunne ta forsking raskare i bruk – vi må få henne ut til bedriftene og ut i tenestene i kommunane.

Slik kan vi svare meir effektivt på dei store utfordringane som Noreg står framfor.

*

Eg skal straks avslutte. Som de skjønner, har eg ikkje eit enkelt mattesvar på spørsmålet de har stilt meg her i dag, «korleis sikre rett kompetanse for å utvikle Noreg?» Det er ikkje to strekar under. Det er meir eit historikar-type svar – noko eg likar godt. For medan vi ikkje kan spå framtida, kan vi lære av fortida. Ein ting er sikkert: Sentraliseringa av norsk høgare utdanning, som blei gjennomført av den førre regjeringa, har ikkje gjort Noreg noko godt.  

For vi treng å utdanne fleire i heile Noreg. Vi treng eit levande lokalsamfunn i heile landet. Det veit eg at mange av dykk som sit her i dag jobbar hardt for – kvar einaste dag. Så takk for jobben de gjer, og takk for at de tek initiativ til dette arrangementet.

Takk for meg!