Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på Forskingspolitisk seminar 2024
Tale/innlegg | Dato: 05.11.2024 | Kunnskapsdepartementet
Av: Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Hotel Bristol, Oslo)
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel heldt opningstala på Forskingspolitisk seminar 2024, som ble arrangert 5. november i Oslo.
Kjære alle saman,
Eg er veldig glad for å vere her i dag – på eit av sektorens vikgaste møtestader i løpet av året.
Eg stod her i fjor og snakka om dei store samfunnsutfordringane, og ein ting er sikkert: Dei har ikkje blitt mindre – for samfunnsendringane, dei utviklar seg i eit enda raskare tempo enn ein bytter statsråd i denne sektoren.
Vi snakkar om meir krevjande utfordringar når det kjem til tryggingssituasjonen i verda, auka kompetansemangel – spesielt i distrikta, lynrask teknologisk utvikling, stadig auka omstillingstakt og behov for styrka konkurransekraft.
Vi deler desse utfordringane med resten av Europa. Dette er tema for den mykje omtalte rapporten, «The Future of European Competetiveness», utarbeida under leiing av tidlegare president for Den europeiske sentralbanken, Mario Draghi.
Og vi snakkar om ei verd der demokrati, ytringsfridom og forskarfridomen er under press. Tittelen for denne bolken på programmet er «Kampen om kunnskapen», men i aukande grad i verda i dag ser vi ein kamp mot kunnskapen. De som sit her, og det de representerer, er sjølve kontrasten. Den frie tanke, den frie forskinga, er livsnerva i vårt liberale demokrati.
*
Spørsmålet som blir stilt her i dag er følgande – «Er det rom for det brede samfunnsoppdraget til forskning og høyere utdanning i en tid med knappe ressurser og store kompetansebehov?». Svaret på det er eit stort og rungande «ja». Utan forskar-initiert og fri forsking, ikkje noko fullverdig demokrati. Og utan kritiske unge tenkarar, er vi sårbare i møte med kunstig intelligens og antidemokratiske strøymingar.
Så kunnskapssynet er det same. Det som derimot er endra, er utfordringsbilete. Samfunnsutfordringane. Og denne sektoren spelar ein nøkkelrolle i møte med dei.
Derfor har denne regjeringa heilt sidan vi tok over, tatt grep etter grep for at forskings- og høgare utdanningspolitikken kan bidra til å ruste Noreg for det som kjem. Vi jobbar for å sikre «The Future of Norwegian Competetiveness», for å si det på Draghi-måten og ikkje på det norske fagspråket vi er så glade i.
For oss, har det handla om å sjå denne sektoren som ein heilskap: Korleis kan forsking og høgare utdanning bidra på best mogleg måte til å løyse dei største samfunnsutfordringane?
Korleis kan denne sektoren bidra til å sikre det Noreg vi vil ha i framtida – eit sterkt demokratisk samfunn med kunnskap, kompetanse, beredskap og moglegheita til å leve gode liv i heile landet?
Det er det denne regjeringas politikk for forsking og høgare utdanning handlar om.
*
Og det er det statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning for 2025 handlar om, som eg la fram for akkurat fire veker sidan.
Dette er eit stort og godt budsjett som svarar på dei store samfunnsutfordringane.
Men skal ein døme etter reaksjonane på budsjettet, virka det som det var oppfatta som eit målrette angrep på den norske kunnskapssektoren. Det ble tromma saman til demonstrasjon på Løvebakken. Eg var også der, og det var eigentleg veldig hyggeleg. Det er godt å sjå at engasjementet for forsking og høgare utdanning er stort. Og det er alltid triveleg å møte mange kjente frå sektoren
Men det blir teikna eit bilete som er i overkant dystert.
Mange forsøker no å skape eit bilete av at sektoren no blir bygd ned stein for stein, som om lysa blir slått av i forelesingssalane. Heile universitets- og høgskulesektoren er under press, blir det sagt.
Venstre har kalla inn til eit såkalla krisemøte. Ordet krise sitt lausare og lausare i det norske språket, ser det ut til.
Men er det verkeleg mogleg å snakka om ei krise i norsk forsking og høgare utdanning?
Vel. Morgonen etter denne demonstrasjonen, kunne vi på forsida til Khrono lese at Noreg går milliardar i pluss i Horisont Europa! Frå 2019 til 2023 fekk Noreg tilbake 4,4 milliardar meir i forskingsmiddel frå EU enn det vi betalte inn til Horisont-programma. Norske forskarar hentar dessutan heim store summar frå Det europeiske forskingsrådet, noko som er det beste kvalitetsstempelet ein kan få for grunnforskinga vår.
Førre veke kom møtt-tala for høgare utdanning. Søkartala og opptakstala for gjerne mest merksemd, men det er møtt-tala som seier aller mest om stoda.
Og dei ser veldig bra ut! Det har aldri vore teke opp fleire studentar enn i år, med unntak av dei ekstraordinære pandemiåra. Vi har aldri hatt fleire nye sjukepleiarstudentar enn i år, etter at vi gjennomførde ei naudsynt kursendring etter mislykka Høgre-politikk og fjerne særkrava om karakterar.
Vi har snudd den negative utviklinga vi har sett i lærarutdanningane dei siste åra.
Det er ingen krise i norsk forsking og høgare utdanning. Tvert imot.
Då den tyske historikaren Jürgen Kocka fekk Holbergprisen i 2011, vart han spurt om kva som er den viktigaste eigenskapen for ein god historikar. «Mange kvalifikasjoner og dyder kunne vært nevnt her, men la meg peke på én: Evnen til å se proporsjoner», svarte Kocka. Det tenkjer eg ofte er ein god eigenskap i politikken òg.[1]
Så la oss sjå på nokre proporsjonar.
*
I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa 46,4 milliardar kroner i rammeløyving til universitet og høgskular i 2025 og 48,5 milliardar kroner til forsking og utvikling (estimert).
Vi gjer akkurat det vi har sagt – vi har fasa ut dei ekstraordinære koronamidla slik føresetnaden heile tida har vore.
Kuttet på 3,5 prosent i FoU-løyvinga har, med god grunn, fått merksemd. Men kva skuldast denne nedgangen? Det er reine tekniske årsaker – knytt til valutakursendringar, utrekningsmåte i EU og budsjettmodell for Forskingsrådet. Aktiviteten i norsk forsking blir vidareført på same høge nivå i 2025.
Korleis står dette seg i ein internasjonal samanlikning? Er dette «knappe ressurser»?
- Kva for eit land brukar mest pengar på høgare utdanning i prosent av BNP?
- Det er Chile og USA – vi ligg på sjette plass, men langt høgare om me avgrensar det til offentleg
- (Det er berre fem andre land i OECD som bruker meir på høgare utdanning samanlikna med BNP enn Noreg (Chile, USA, Storbritannia, Canada og Danmark).
- Kva for eit land bruker mest offentlege pengar på FoU per innbyggar?
- Jo, det er Sveits, foran Island og Noreg.
- Kva for eit land har flest fagtilsette i forhold til studentar?
- Jo det er knøttlille Luxemburg – med Noreg på ei veldig solid andre plass.
- Korleis ser det ut i Norden – der mange når ber oss om å «sjå til Sverige og Finland»?
- Noreg ligg høgare enn Sverige og Finland i offentleg pengebruk på høgare utdanning som del av BNP (2021-tal).
- I aldersgruppa 25-34 har Noreg ein høgare andel med høgare utdanning enn Sverige og Finland, og andelen har auka til nær 60 %.
- Norske universitet og høgskular har ein høgare andel av FoU-utgiftene sine finansierte av statleg rammeløyving (2019-tal).
- Totalt sett har Noreg ei høgare offentleg finansiering av FoU enn det både Sverige og Finland har (2021-tall).
Oppsummert: Vi er blant landa i verda som bruker mest offentlege midlar på høgare utdanning og forsking. Men vi ligger, som kjent, dårlegare an når det gjelder næringslivets investeringar i FoU – og her er til dømes Sverige og Finland mykje betre enn Noreg.
Norske universitet og høgskular har hatt ein sterk vekst dei siste tiåra, og sterkare enn i nabolanda våre. Vi har no svært mange i høgare utdanning og så godt som alle som ønskjer det, får ein studieplass.
Eg meiner vi har grunnlag for å seie at tida for kapasitetsvekst er over. Vi veit at ungdomskulla framover blir mindre. Det er også eit stort behov for at unge menneske tek yrkesutdanning og fagskuleutdanning.
Det er lite resonans der ute i samfunnet for at UH-sektoren er veldig underfinansiert. Det ser det også ut til å vere hjå våre politiske konkurrentar når ein les dei alternative budsjetta deira.
- Høgre vil i sine to siste alternative budsjett kutte UH-ramma med 670 mill i høve til vårt forslag.
- Venstre, som kallar inn til krisemøte fordi det er økonomisk krise i sektoren, ville kutte UH-ramma med 630 mill.
- Frp, som Venstre skal samarbeide med, ville i dei to budsjetta kutte UH-ramma med 2 mrd kroner.
Men to tydeleg og gledeleg ting vil eg dra fram av inntrykk frå samfunnet: 1) definitivt ei auka forståing for at kompetansemangel er ei av vår tids største utfordringar, og 2) kanskje ei auka forståing for at forsking, utvikling og innovasjon trengst for å møte samfunnsutfordringane.
*
Eg har nemnd Draghi-rapporten. Vårt norsk motstykke er Perspektivmeldinga – som regjeringa la fram i august.
Begge konkluderer på sett og vis med det same: Vi står i ei kritisk situasjon når det kjem til kompetansemangel, både i Noreg og i Europa. For å svare på denne kompetansemangelen – og for å tette innovasjonsgapet med Kina og USA, særleg på teknologifronten – må vi satse på forsking og høgare utdanning.
Korleis gjer vi det? Eg meiner at noko av det viktigaste som både Perspektivmeldinga og Draghi-rapporten viser oss, er at vi må tenke enda smartare når det kjem til korleis vi bruker ressursane våre. Vi må prioritere betre. Vi må samarbeide betre på tvers av sektorar. Vi må teke kunnskap raskare i bruk. Og vi må ha eit tettare samarbeid mellom norsk akademia og næringslivet i Noreg slik at vi klarar å omsetje forsking til innovasjon og verdiskaping.
Nysgjerrigheitsdrevet grunnforsking har ein sjølvsagd plass i dette biletet.
Det er sjølvsagt ikkje vasstette skott mellom grunnforsking og anvend forsking.
Mykje av dette er tema for den kommande stortingsmeldinga om forskingssystemet, som vi legg fram til våren.
I meldinga peikar vi på særleg to område der verda har endra seg så radikalt dei siste åra, at vi må rigge om forskingssystemet vårt for å takle den nye røynda.
Det første er det gjennomgripande teknologiske skiftet. Regjeringa er allereie i gong med fleire betydelege forskingssatsingar på teknologifronten, mellom anna innan kunstig intelligens.
Den andre samfunnsområdet der verda har endra seg drastisk, er innanfor den globale geopolitikken. Auka vektlegging av tryggleik og beredskap får konsekvensar for alle aktørar i forskingssystemet. Derfor står forskingstryggleik og ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid høgt på den politiske dagorden over heile verda. Og det vil bety mye for oss alle framover – og i den kommande stortingsmeldinga.
*
Kjære alle saman, overskrifta for dagens konferanse er «kampen om kunnskapen».
I denne kampen – står eg og dykk på motsette sider? Det kan høyrast slik ut – nar man les innleiinga for dagen:
«Fra politisk hold kommer økte krav og forventninger om at forskningen skal gi «her og nå»-nytte, og at utdanningene skal være korte, fleksible og arbeidslivsorienterte. Ser vi et skifte i kunnskapssyn, når vi har en statsråd og et stortingsflertall som mener høyere utdanning er blitt for akademisert? Og er vi i ferd med å svekke kravene til kvalitet i forskning og høyere utdanning?»
Eg nøyer meg med å seie at dette er eit sterkt karikert bilete av min og regjeringa sin politikk. De må gjerne drive på med det om de har glede av det.
Eg legg til grunn at forsking og høgare utdanning spelar ei nøkkelrolle i å ruste Norge for framtida. Eg forventar at den store investeringa frå det norske samfunnet i denne sektoren gir solid avkastning – i form av kunnskap, kompetanse og innovasjon. Eg forventar langsiktig og kortsiktig nytte for samfunnet.
Eg forventar at vi framover får meir ut av kunnskapen, i form av innovasjonar, bedrifter og arbeidsplassar. Eg forventar betre koplingar mellom teori og praksis i profesjonsutdanningane og betre tilgang på kvalifisert arbeidskraft i heile landet.
Det er det denne regjeringa jobbar for i kunnskapspolitikken, og eg opplever å ha med meg heile kunnskapssektoren i dette arbeidet – sjølv om vi ikkje alltid er einige i alt.
Eg opplever ingen kamp om kunnskapen mellom sektoren og politisk hold. Eg opplever det motsette: at vi saman kjemper for kunnskapen.
Nokre av det mest urovekkande i verda rundt oss er at stadig fleire ser ut til å kjempe mot kunnskapen. Den kampen må vinnast – kvar einaste dag.
Takk for meg!
***