Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på grunnsteinnedlegginga for det nye Vikingtidsmuseet

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, talte på grunnsteinnedlegginga for det nye Vikingtidsmuseet på Bygdøy.

Høgvørde Kronprinsesse, kjære alle saman,

«Brede seil over Nordsjø går; høyt på skansen i morgnen står», skreiv Bjørnstjerne Bjørnson i diktet «Olav Trygvason».

Det er på sin plass med slike høgstemte ord for slik ei høgstemd storhending.

For nå er bygginga av Vikingtidsmuseet verkeleg i gang.

Skipa til dei breie segla som over Nordsjø gjekk – og fleire tusen andre nasjonalskattar – skal få ein ny og trygg stall å bu i.

Ein stall som gir historia vår stødige bein å gå på inn i framtida.

Vi snakkar om det som skal bli verdas viktigaste formidlar av vikingtid. Museet vil sikre kommande generasjonar tilgang til viktig kulturhistorisk kunnskap.

For vikingskipa våre fortel ein sentral del av historia om Noreg. Dei fortel historia om ein skipsfartsnasjon som starta tidleg. Ein nasjon som aldri har vore fråkopla frå verda utanfor.

Det breie seglet er eit bindeledd mellom oss og omverda, men óg mellom oss som eitt folk og ein nasjon. Det er noko som samlar oss og er ein del av vår identitet.

*

Skipet til Olav Tryggvason, Ormen den lange, blei erobra under slaget ved Svolder.

Tusen år seinare ser vi i gong på gong at uvurderleg kulturarv ikkje berre blir erobra, men øydelagd i krig.

Det er ikkje tilfeldig. Knekker du kulturarven til eit folk, knekker du òg ryggrada deira. Du knekker sjølve folket.

Nettopp derfor er det så utruleg viktig det som skjer her på Bygdøy.  

*

Så er det ikkje berre krig som truar kulturarv. Det gjer òg alderen deira.

Tresledane frå det unike Osebergfunnet er i eit døme på det, som no er i ferd med å bli brotne ned frå innsida.

For å bevare gamal kulturarv, spelar forsking ei avgjerande rolle.

Derfor har regjeringa no løyvd 9 millionar til å forske på ein ny konserveringsmetode som kan redde desse sledane.

*

Vi ser fram mot å utforske det nye museet, og igjen få sjå dei dyrebare nasjonalskattane våre.

Men mykje skal skje før den tid.

Det er godt å sjå at byggeprosjektet går etter planane. Her har tryggleiken til samlinga høgste prioritet. Ein viktig del av prosjektet er å planlegge for flyttinga av skip og sledar frå eksisterande museumsbygg og inn i det nye bygget.

Vi har framleis ei krevjande og viktig oppgåve framfor oss, når vikingskipa og sledane skal flytte. Eg er likevel sikker på at Statsbygg og Kulturhistorisk museum vil lykkast med dette heilt spesielle arbeidet.

Med godt samarbeid og nøye planlegging, vil vi kunne segle desse skutene trygt i hamn her på Bygdøy. Eg ser fram til å følge prosjektet.

Takk for meg!

**