Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på lansering av prosjektet Mecalo

Statsråden deltok på lanseringa av det EU-finansierte prosjektet Mecalo i Elkems produksjonsanlegg. Prosjektet består av 12 partnarar i 8 land. Anledninga var at prosjektet fekk innvilga 9,95 mill. euro frå Horisont Europa.

Hei, alle saman! Det er ein glede å vere her i dag på offentleggjeringa av prosjekt MECALO!

Dei siste åra har eg med entusiasme følgt utviklinga innanfor forsking på utsleppsfri produksjon av kritiske råmateriale. I ei verd med store samfunnsutfordringar og i ei tid med auka utryggleik, er det som skjer på dette feltet rett og slett utruleg inspirerande.

Og for meg så viser det først og framst kva vi er kapabel til gjennom forsking. Vi snakkar altså om forsking som kan vere heilt avgjerande for at både Noreg og Europa skal nå klimamåla. Med forsking kan vi flytte fjell – og Mecalo kan få til det ved å utvinne det vi finn i fjella på riktig måte!

MECALO er eit prakteksemplar på det eg, på vegne av regjeringa, ofte snakkar om at vi ønskjer å sjå meir av i norsk forsking.

For at Noreg skal klare å møte dei store samfunnsutfordringane vi står framfor og styrke konkurransekrafta si, så må vi sjå meir forskingssamarbeid mellom instituttsektoren, akademia og næringsliv. Vi må satse på forsking som kan skape grøne industriar. Og vi må styrke internasjonale forskingssamarbeid, sjølv om – eller kanskje vi heller skal seie «særleg fordi» – vi lever i ei meir utrygg verd.

Prosjekt MECALO gjer alt dette.

Det er derfor ikkje rart at denne forskinga nå får påskjønning og støtte til vidare forsking gjennom Horisont Europa. I prosjektet deltar fleire norske aktørar som spiller ein viktig rolle i utviklinga av CO2-frie produksjonsmetodar. MECALO er med andre ord eit godt døme på den særs gode norske prestasjonen i Horisont Europa. MECALO er også eit godt døme på at støtte frå norske virkemiddelaktørar som Forskingsrådet og Enova legg grunnen for vidare satsing gjennom EU.

Vi har nettopp fått dei siste tala for korleis Noreg gjer det i kampen om europeiske forskinspengar: Så langt har norske miljø konkurrert seg til rundt 15  milliardar kroner frå Horisont Europa. Noreg går med andre ord milliardar i pluss gjennom deltakinga vår i dette forskingssamarbeidet. Det er utruleg bra! Instituttsektoren står for heile 31 pst. av den norske returen i Horisont Europa, og SINTEF er den klart største aktøren, uavhengig av sektor.

Sidan oppstarten av Horisont Europa har SINTEF vunne fram i kvar fjerde søknad (til samanlikning er suksessraten til søkjarar  i Europa 17 pst.). SINTEF samarbeider også tett med næringslivet i mange EU-prosjekter.

Noreg har vorte ein respektert samarbeidspartnar i Europa og det synest også gjennom at norske aktørar i større grad tek leiarrolla i eigne prosjekt, slik som i dette prosjektet.

Meir enn kvart femte samarbeidsprosjekt med norsk deltaking har norsk koordinator. Konkurransen er hard og da er det ekstra gledeleg å sjå at dei norske miljøa lukkast så godt.

Den siste tida har den såkalla «Draghi-rapporten», eller The Future of European Competitiveness, utarbeida under leiing av tidlegare president for Den europeiske sentralbanken, fått mykje merksemd. Konklusjonen er klar: Europa må styrke sin konkurransekraft, og det haster.

Eit område som blir sentralt framover, er nettopp produksjonen av kritiske råmateriale – for vi veit at det i dag er eit presserande behov for at Europa styrker sin produksjon av kritiske råmateriale. Derfor er MECALO så viktig fordi det kan posisjonere Europa som ein strategisk produsent.

Så eg vil nytte høvet til å seie gratulerer så mykje til Sintef, Elkem AS, ERAMET og alle dei involverte. Eg ser verkeleg fram til å følgje utviklinga. Takk!