Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på lansering av Integreat

Statsråd Oddmund Hoel deltok på lanseringa av Integreat, eit nytt Senter for framifrå forsking (SFF), der ein skal forske på kunstig intelligens.

Kjære Noregs Forskingsråd, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og Norsk Regnsentral,

Kjære Integreat,

Aller først: Gratulerer! Dette er ein stor dag.

For det er ingen tvil om at vi lever i ei tid der vi står framfor mange store utfordringar som samfunn.

Korleis kan vi produsere og utnytte energi på ein meir effektiv og berekraftig måte? Korleis skal vi klare å møte dei store behova for helsehjelp og diagnostisering av ei aldrande befolkning? Korleis skal vi hevde oss på teknologifronten internasjonalt, i ei meir utrygg verd?

Nøkkelen til å svare på mange av desse store spørsmåla, ligg i maskinlæring. Men graden av suksess, og korleis svara blir utforma, det er opp til oss.

Og eg meiner at vi skal tore å seie, at det vi gjer framover, det har mykje å seie for framtida til det norske samfunnet.

Vi er nå i ein heilt kritisk fase i utviklinga av kunstig intelligens. Vi er framleis i startgropa. Og vi har ikkje eit sekund å miste. Vi, fellesskapet Noreg, må vere frampå. På same måte som vi har gjort det tidlegare i historia – enten det gjeld vasskrafta eller olja – er det avgjerande at fellesskapet tek ei aktiv rolle. At vi er med på å definere utviklinga.

Og det er ingen annan måte vi kan gjere det på enn med forsking og kunnskap. Vi må bygge opp ein digital grunnmur i landet vårt, som sikrar at utviklinga skjer i tråd med verdiane våre som samfunn.

Det er akkurat det vi er i ferd med å gjere no. Integreat ønsker å sette Noreg på verdskartet i maskinlæring, nettopp ved å bidra til maskinlæring som er meir kunnskapsdrive. Det er heilt fantastisk, og ekstremt viktig.

Arbeidet med å forstå og ta i bruk kunstig intelligens vil som de veit halde fram med full kraft med den såkalla KI-milliarden. Her vil det bli oppretta fire til seks nye KI-senter av høg kvalitet, som skal ta tak i store utfordringar for samfunnet, næringslivet og offentleg sektor.

Så må eg seie at eg er glad for at forskarar no skal jobbe med så viktige maskinlæringsspørsmål på eit Senter for framifrå forsking (SFF).

Med SFF-ordninga får dei mest framifrå forskarane på feltet høve til å samle seg for å utvikle grensesprengande idear og forsking over tid. Då SFF-ordninga blei evaluert av ein internasjonal komité i 2020, fekk ho toppkarakter! SFF’ane aukar kvalitet i forsking, gir meir internasjonalt samarbeid og resultata har langsiktig samfunnsverdi – det var konklusjonen. Så det lovar godt!

Då er det berre å gle seg til å følge utviklinga ved senteret og all den spennande forskinga som vil kome herifrå. Det kan eg skrive under på at eg gjer.

Gratulerer igjen og lykke til!