Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på studiestart ved Noregs Musikkhøgskule

Statsråd Oddmund Hoel besøkte Noregs Musikkhøgskule for å offisielt opne studieåret 2024/25.

Rektor, tilsette, alle på Noregs Musikkhøgskule, og først og fremst, kjære studentar.

I dag skjer det noko stort. Det er den store opninga av studieåret. Desse dagane i august er utan tvil favorittdagane mine som statsråd for forsking og høgare utdanning. Det er nyttårsaftan, 17. mai og bursdag på same tid.

For høgare utdanning er ingenting utan studentar. Studentane er fortida vår, samtida vår og framtida vår.

Og de som er samla her i dag, de er musikkens framtid.

*

Dei siste vekene har eg hatt gleda av å møte ei rekke nye studentar rundt i Oslo. Framtidige lærarar, sjukepleiarar, økonomar, journalistar, ingeniørar, samfunnsvitarar, mellom anna.

Og nå får eg altså lov til å avslutte ballet her hos dykk. Det er ein stor glede.

Nokre av dykk som er samla her i dag har akkurat begynt på livet som student – andre skal fortsette på ein master.

Uansett kven du er eller kva du skal, er det studiet du skal ta fatt på veldig viktig – for deg som menneske, men òg for Noreg som samfunn.

Vi lever i ei tid med mange store samfunnsutfordringar. Eg tippar mange av dykk kjenner på det når de opnar nettavisa. Vi bur i ei meir utrygg verd, med auka konflikt, klimaendringar, og vi har eit samfunn der vi får fleire eldre og færre unge. Det gjer at vi må omstille heile måten vi driv samfunnet vårt på.

For at Noreg skal klare å møte alle desse utfordringane,  treng vi alle dei yrka eg ramsa opp no nettopp.

Men vi treng òg musikarar. Det gjer vi verkeleg.  

For som musikarar – og som kunstnarar – klarer de noko andre kan ha meir vanskeleg for å gjere: Å nå fram til folk. Å treffe dei i livet sitt der dei er. Å påverke folk på ekte.

I dei tyngste augeblinkane i eit liv, kan musikk vere det som held folk oppe. Musikk kan velte fjell.

Musikk er fest. Det er kunst, terapi, vitskap. Men det er òg kritikk, det er dissonans, det er alt det som bidrar til at vi har et samfunn i rørsle og som greier å fornye seg.

*

Ikkje minst er musikken fellesskap. Det er eit ord eg er veldig glad i å snakke om.

Noko av det beste med Noreg, er at høgare utdanning blir finansiert av fellesskapet. På den måten skal alle kunne ha moglegheita til å ta ei utdanning – uansett kven du er eller kor du kjem ifrå. Nokon når så langt at dei kan følge draumen sin, slik som de som sit her.

Frå 1973 fekk vi omsider ein offentleg musikkhøgskule. Det var på sin plass.

For akkurat som musikk skaper fellesskap, bør fellesskapet vere med på å finansiere nokre av våre beste framtidige musikarar. At du lukkast, det betyr noko. Ikkje berre for deg sjølv, men òg for Noreg som samfunn.

Morgondagens musikarar, komponistar, dirigentar og musikkterapeutar. Dei finn vi her. Og Noreg treng dykk.  

*

Kjære alle saman,

Fellesskap er noko vi treng gjennom heile livet – ikkje minst som student.

For det å vere student, det kan vere heilt fantastisk – men det kan òg vere tøft. Mange flyttar heimanfrå for første gong, og skal bygge eit eige liv. Kanskje må du bruke litt tid på å finne din veg. Men eg lovar deg, det er verdt det.

Ein anna ting eg kan love deg, er at du ikkje kan gjere alt åleine. Så ver ein ven, engasjer deg i noko du trur på. Det kan vere eit band, men det kan òg vere eit innebandy-lag, eller ein ideell organisasjon som kjempar for ein betre verd. For å låne orda til vår kjære, og dessverre avdøde, folkerådgjevar, Per Fugelli: «Ikke vær et ettall på jorda. Bry deg om flokken din.»

Nokre gonger kan flokken vere liten, men han kan òg strekke seg på tvers av både landsdelar og landegrenser. Det gjer han her på Noregs Musikkhøgskule i aller høgaste grad. Og det er noko av det som gjer det så fint.

Med det vil eg ønske dykk alle lukke til med studiestart og reisa vidare. Takk for meg!