Forskrifter om nasjonale retningsliner for ABIOK-utdanningane er sendt på høyring
Nyheit | Dato: 01.12.2020 | Kunnskapsdepartementet
Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.
Kunnskapsdepartementet legg med dette fram forslag til nye forskrifter om nasjonale retningsliner for anestesi-, barne-, intensiv-, kreft-, operasjonssjukepleiarutdanningane (ABIOK- utdanningane).
Høyringane var i utgangspunktet planlagt i sommar, men pandemisituasjonen førte til at høyringa vart utsett til 26. november. Frist for å gje innspel er sett til 28. februar.
Les meir om dei enkelte høyringane her:
- Forskrift om nasjonal retningsline for anestesisjukepleiarutdanninga.
- Forskrift om nasjonal retningsline for barnesjukepleiarutdanninga.
- Forskrift om nasjonal retningsline for intensivsjukepleiarutdanninga.
- Forskrift om nasjonal retningsline for kreftsjukepleiarutdanninga.
- Forskrift om nasjonal retningsline for operasjonssjukepleiarutdanninga.